Rapport Tormodrennet m/ resultat

Postet av Tormod Skilag den 31. Mar 2019

Det har alltid vore stas å bli klubbmester, Å gå fortare enn alle andre  i klubben var eit høgdepunkt om vinteren.  Kan vel tyde på at det er litt  stas også nå for tida,  

Tormodrennet vart flytta til Gålå , for løypa i Sorperoa smelta rett og slett bort. På Gålå var det kjempefine forhold,  og sol frå nesten skyfri himmel. At det var litt kald vind, la ingen demper på innsatsen.  

29 løpere på start. I tillegg var det ein stor heiagjeng av både store og små. Den største duellen i dag var mellom seniorane Lars og Aksel. Dei gjekk 5 runder a 2 km, hakk i hæl. På oppløpet la Lars inn eit rykk og gjekk inn til seier på 31.49., 10 sek framfor Aksel.   

Her er øvrige resultat







Tormodrennet flyttes til GÅLÅ

Postet av Tormod Skilag den 27. Mar 2019

Vi har sjekka Yr, og håpa i det lengste at føret i lysløypa skulle halde seg til over rennet. Men det er spådd mange + grader framover. Det blir ei utfordring og masse arbeid med måking og preparering for å få brukbare forhold. Vi har bestemt å flytte rennet til Gålå. Der er det kjempefine forhold. 

Opplegget blir som før bestemt.    Men det blir IKKJE startkontingent

Påmelding frå 11.30. Start 12.  "Vanlige" klasser + trimklasse  

Premieutdeling og servering. Håper riktig mange blir med oss til fjells. Og håper mange vaksne også stiller opp. Det skaper spenning og morro ..... kanskje dukker konkurranseinstinktet opp...?!.

Det er vandrepokaler til vinner i klasser fra 12 år ( f 2007)   Pokalen må vinnes 3 gonger for å få den til odel og eige.  Du som fekk pokal i 2018...husk å lever den inn.

(Bildet er tatt under Hovedlandsrennet i vinter)






Tormodrennet 2019

Postet av Tormod Skilag den 26. Mar 2019

Velkommen til Tormodrennet .

Ein  tradisjon  vi har hatt i "alle" år . Dette er klubbmesterskap  og sosial samling  for klubbens medlemmer.  

I " gamle dågå " var Tormodrennet høgdepunkt i bygda. Da stilte alle opp, enten som løper eller tilskuer . Om kvelden var det skiseksa, og det eksisterar  mange flotte prologer fra den tida. Prologen var ei skildring av alt og alle , om livet i bygda og meire til..... ( litt mimring  må til ) 

Håper på stort frammøte på Tormodrennet 2019 også. Det er spådd bra vær. Løypa held seg bra, men det er litt bart der den krysser veg, så der måker vi litt. 

Det blir arrangert søndag 31, mars kl 12.   ( Husk å fløtja klokka natt til søndag.... 1 t. fram )  

Påmelding fra 11.30.   Startkontingent kr 50.-   kr 100 for familie ( 2 og fleire)

Plass: Lysløypa.   

Alle som har vandrepokaler må huske og levere dei inn.  Pokalane må vinnes 3 gonger før du får den til odel og eige.  

Det blir grilling, kaffe, saft og meire til....

Håper at mange / alle vaksne også stiller opp og går ei runde . Kan hende du blir vinner av ein  uttrekkspremie .    Ungane kan kose seg i leikeanlegget medan du går ei runde.

Velkommen !