Minneord Gunnar Aspeslåen
Postet av Tormod Skilag den 20. Apr 2018
Gunnar døde 3.april, nær 80 år gammal. Han var æresmedlem i Tormod, og er ein av dei vi vil huske som ein som alltid stilte opp når det var prat om dugnadsarbeid.
Han var i si tid ein nøkkelperson som løypesjef, løypekjører og trenar. Og var sterkt engasjert i rydding og merking av stier.
Gunnar var opptatt av å halde seg i form, og han deltok bl.a i mange turrenn.
Han var "Birkebeiner" i glansperioda fra 1981 og utover, når det var 15-20 stk fra Tormod som stilte til start. Den som var så heldig å delta i hop med Gunnar desse åra, vil takke for alle gode smøretips og alle gode minner. Gunnar var til å stole på, og hans smøretips slo aldri feil. Han var alltid grytidleg oppe for å eta og starte med smøring av ski. Alle var samla på sovesal denne tida, og ikkje alle var klar for å starte dagen samtidig med Gunnar....
"Takk Gunnar for alt du har gjort for laget. Takk for alt frivillig arbeid og dugnadstimer"
Han var ein sann Tormodvenn. I staden for blomster ønskte familien å gje ei gave til Tormod skilag. Tusen takk for det.
Bilde: Året er 1982.Gunnar jubler over sitt første merke i Birke'n. Det vart 12 merker totalt
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.