Siste fellestur til Ukens post

Postet av Tormod Skilag den 29. Aug 2016

Gjennom sesongen har vi samla oss og reist felles for å finne O-poster. Totalt 8 turer vart det i år.

Søndag 28.aug. var siste turen for i år. Turen var lagt til Vinsterfossen og Petsiko i Skåbu. Iver Maurstad var kjentmann . Fyrst var vi innom Vinsterfossen og klypte post 46 før vi for videre til post 45, Petsiko. Historia fortel at denne hytta har vore brukt av tømmerhoggere fra 1940 åra. Heilt utruleg å kunne bu under slike forhold, tenkjer vi , men slik var det den gongen.

Enkelt utstyrt med seng, ovn og kopper og kar. Ikkje lett å få auga på der den ligg under ein skrent med berget som tak. Veldig bra at plassen er tatt vare på og åpna for turgåere.

Den låg fint til ved elva Snubba, ca 15 min å gå fra parkering på fin sti.

Som tradisjon har vi trekning av gavekort på siste turen. Heldig vinner vart Ole K.Nybakken.

To ekstrapremier gjekk til Solvor Eide og Eva Bekkum. Dei fire barna som har deltatt i år fekk alle ein liten overraskelse.

Vi var 12 stk på turen. Vi diskuterte neste års opplegg, og det kom mange gode innspill og forslag. Vi tek gjerne imot fleire gode forslag. Så hvis DU veit om ein plass vi burde besøke så si fra.

Alle tur-o-poster står ute til 15.sept.

Vinnere av gavekort og turkopp.

Solvor kvitterer i hytteboka



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.