Rapport frå fellestur til "ukens post"

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 10. Aug 2016

Den 9.aug gjekk turen til Korsbakken. Her står eit kors med teksten: " Venner lad mig stå i fred"

Historia fortel at ein mann frå Sør-Fron omkom her ein gong på 1800-talet. Han var på tur heim frå Høgsetra, og i det bratte terrenget ved Loveslesetra skal hesten ha trødd feil og mannen falt av og omkom.

Det er reist eit trekors på plassen der dette skjedde. Ildsjeler og Fron Historielag har bytta ut korset eit par gonger etter at vær og vind har tæra på det. Nå er nok korset snart modent for utskifting att .

Margrete Myhre var turleder og kjentmann på turen. Tormod skilag har plassert Tur-O-post nr 40 her. Vegen hit var kronglete, men nå er den rydda og merka fram til posten og korset. Stien er nå godt synleg, noko som tyder på at mange har tatt turen hit i år.

Vi var 7 stk som deltok på turen til denne historiske plassen. Den ligg altså "nord-og-ned" for Loveslesetra. Turen hit er kjapt unnagjort, så for å forlenge turen valgte 3 av oss å gå råket ned att mot Wahlquist, og videre Gudbrandsstuguråket mot Grind.

Kafferast og kvittering i turboka gjorde vi ved Barrustmosetra. Det vesle huset på bildet har stått i området der baksidevegen mot Kvam tar av fra Skåbuvegen. ( Ved Aud Byrløkken)

Takk for turen og takk til Margrete som tipsa oss om denne plassen. Viktig å ta vare på historia og bringe den vidare.


Her tok vi kafferasten. Huset i bakgrunn har stått i Sorperoa, på tomta til Aud Byrløkken

Fantastisk utsikt over den nye Vinstra by . ( tatt nedafor Loveslesetra.)




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline