Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

Rapport frå fellestur til Gravdalsfjellet

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 19. Jun 2016

Vi er igang med felles turer og klypping av "Ukens post". Denne gongen var vi saman med DNT, og målet var Gravdalen , nærmere bestemt Gravdalsfjellet på 1378 m.o.h. Der var post 44

19 stk møtte opp , og alle var glade for endeleg å vera i gang. Starta ved sætrene i enden av Gravdalsvegen. Det er bra stigning i starten, flater så litt ut før neste stigning, og til slutt siste etappe opp på toppen. Det er godt synleg sti heilt til foten av sjølve toppen, men fra der kan du gå over alt i grasdekte renner.

Etter å ha klypt posten var det tid for matpause. Pga litt sur vind ,vart det søkt ly litt nedafor toppen.

Etter ei god pause fortsette turen for DNT videre til Tjønnfjellet. Resten returnerte til utgangspunktet.

Turleder oppsummerer slik : FIN TUR !!

Neste tur er postplukk på Skårslåhaugen 28.juni


Rast i ly for vinden

Nydeleg utsikt frå toppen. Bildet er tatt når vi satte ut posten 6.juni





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline