Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

Ein æresmedlem er gått bort

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 30. Jan 2015

Iver Giverhaug f.1920 er død. 94 år gammal.

Vi kan minnes han med eit innlegg fra Tormodposten fra 1994.

Sitat:
" Koløyddin. 30 år i sporet.
Oss har ein kar her i Sorperoa som oss itte har sett i løypa på mange år. Likevel var denne karen den raskaste skiløperen Tormod hadde den tida han var med og konkurrerte. Karen heiter Iver Giverhaug."


Han starta skikarriera si på 1930-talet, og var snart fast deltaker på Tormod-renna. I Tormodposten er det eit bilde som syner Iver i full fart i løypa oppå Søljurusta. Det er fra 1935 eller 36. Det var vanleg å leggje løypa over Søljurusta og Hesthaugen den gongen.

Iver Giverhaug eller "Koløyddin" som han blir kalla i daglegtale, tok fleire vandrepokalar i den tida han var med. Etter det han sjøl sier, har han erobret 3 vandrepokaler i Tormod, bl.a "Solglimt-poalen", som han tok aksje i i 1938-39, og det siste nappet i 1946 da skisporten vart starta opp att etter krigen.

Iver deltok også i renn både i Fåvang, Vingrom og Heidalen. Han var også med i det såkalte "Øldalsrennet", som var arrangert av Ungdomslaga på Vinstra og Sjoa. Løypa gjekk frå Sjoa, sørover langs Laugen, opp Kvams-baksida, forbi Svarttjønna, ned gjennom Øldalen, med innkomst ved Bøndernes Hus på Vinstra. Her hadde Iver ein kvass duell med Peder Vassrusten frå Sjoa. Vassrusten fekk eit lite forsprang til å begynne med, men frå Svarttjønna og sørover vart den gode Peder inngått. Og Iver var første mann over mål , på tross av at han starta som nr 17.

Iver var av dei som dreiv skogsarbeid i Øldalen og som på kveldstid trente i månelyset i ei løype sørover Søljurusta og Hesthaugen.

Vi lyser fred over hans minne.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc