1.fellestur til "Ukens post"
Postet av Tormod Skilag - Orientering den 20. Jun 2019
Tysdag 18.juni var vi i gang med fellesturer. Fyrst ut var tur på Sorperokartet. Totalt 6 poster vart klypt. Dette er ein lett tur som passer godt for den " yngre garde ". Denne turen kan dei små godt gå mange gonger. Det er berre å starte på forskjellige plasser. Da blir det ein ny tur.
Ved post 6 er det bord og benker for ein pust i bakken. Og i kveld var grillen varm så da passa det godt å grille medbrakte pølser. Når været i tillegg var godt og varmt, vart det ein topp tur.
Tek med ein liten rapport fra O-løpet på Tunebuhaugen 19.juni. Her fra startområdet. 13 stk deltok. Det er plass til mange fleire, og dette er ein utruleg fin form for trim. Det er alltid enkle løyper for dei yngste. Og om du er usikker i terrenget, kan vi hjelpe til med veiledning og følge om du vil.
Da må eg berre reklamere for løpet på Kvam 26.juni. Starten blir i området til høgre forbi Kvamshytta. Det er merka fra Kvam sentrum. Velkommen .
0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Tormod Skilag - Orientering

Sesongavslutning Orientering
26.11.2019

Premieutdeling for O-gruppa
21.11.2019

O-sesongen er på hell
10.09.2019

VM på nytt kart oppå Åsom
18.08.2019

Haustprogram
17.08.2019

Fellestur til Ukens post
04.08.2019