Tur-O-sesongen er over

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 6. Okt 2018

Ein sesong med postplukk går så utruleg fort. Plutseleg er det haust og postane må fjernast før elgjakta. Der er vi nå. Nå er det tid for å gjera opp status. Det ser ut tll at postane har vore godt besøkt i sommar. Attendemeldingane er positive.

Oppfordrer alle til å levere inn klyppekortet, da blir du med på trekning av gavekort.  ALLE- uansett poeng er med på trekning. Det blir ekstra overrasking til barna.  Frist for levering er 15.oktober.

Alle som leverer kortet blir registrert , og vi passer på at du får merke/plakett av rett valør, 

Dei som har registrert sine klypp på nett, må levere inn kortet for å bli registrert

Det blir klubbkveld med utdeling av merker og diplom fra O-sesongen i mnd.skifte okt/nov. Dato blir bestemt seinare

( Bilde: Posten blir henta ved Kvitbergtjønna)






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline