AVSLUTNING 15.mai

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 16. Mai 2018

I strålande vær avslutta vi årets gate-o-løp. Vi markerte det som "Finn fram dagen". Dølakarusellen vart arrangert samtidig.

Så det var liv og røre på Høgmolykkja i kveld. Med smått og stort var vi 50 stk som myldra rundt i Knutsmorka for å leite etter O-poster. Du kunne velge mellom 4 løypelengder. 

Totalt har over 80 stk deltatt 1-5 gonger. Håper alle har fått eit lite innblikk i O-sporten. Og har du lyst til å lære meir så er det berre å gje seg med på onsdager. Da held vi fram med karusell . Om du ikkje vil reise langt, så er det arramgert mange løp i Vinstraområdet. Det er alltid nybegynnerløype.  Neste løp er på Vinstra. Samlingsplass leikeplassen i Byrevegen.

Og så blir det Tur-orientering. Litt forsinka i år.  Men ca.midt i juni er den kanskje klar. Følg med på heimesida

Vi avslutta med premieutdeling, pølsegrilling,frukt, saft og kaffe.  Samlingsplass var rundt den nye idylliske grillplassen til Sorperoa Vel.... takk for lånet





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline