5.sept :AVSLUTNING AV FELLES O-TURER

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 6. Sep 2017

I typisk haustvær ( duskregn og tåke ) avslutta vi fellesturane til "Ukens post" . Kveldens turmål var post 43 på Valsfjell og post 42 ved ei " tjønn". Denne tjønna har forskjellige navn... Solbråstjønna eller Tvibyttingstjønna ?? Kanskje fleire?

Utgangspunktet var Steinosvika. Fulgte Peer Gynt stien tur/retur, med ein liten avstikker bort til tjønna. Godt merka med nymåla T-er.   På toppen av Valsfjell var det tåke og vind, og dermed dårleg utsikt.   På returen var det godt å ha hodelykt, for mørket kom sigande på .  Men alle kom velberga i mål.

Vi har som  tradisjon  å avslutte fellesturane med litt ekstra kos. I år var det Birgit som tok imot oss på hytta si. Her var det fyra opp, og det var topp å kunne vrenge av seg det våte og slå seg ned rundt kaffe- og kakebordet.  Vi var 13 stk.

Og så var det trekning av gavekort på kr. 500,- blant alle som har deltatt i år. Vinner vart Marit Nordlien Forreløkken.

2 ekstrapremier ( trekrus) til Birgit Lunde Haugen og Liv Larsen.   I tillegg fekk alle barna som har deltatt 1 eller fleire gonger kvar sitt krus. 8 i alt.

Slik såg det ut ved "tjønna" 8. juni når posten var satt ut.

Oppsummering:

Det var egentleg oppsatt 8 felles turer, men den eine , til Høvringen, måtte vi avlyse , pga regnvær. På ein såpass lang tur må man ha oppholdsvær.  Antallet har variert mellom 7 på det minste og 29 på det meste

Takk for følgje til alle !!   Kom gjerne med innspill ....ris , ros, gode ideer  og innspill av alle slag.  

Obs!!  ( Det er   ikkje vert å fortelja vidare at 2 av oss valgte ein anna sti på returen... Andre vil si at "vi kom ut av kurs" . Men...vi rota oss ikkje bort, som enkelte trudde... Vii kom først i mål og fekk gjort klar kaffen til dei andre kom etter )





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc