Rapport fra FINN FRAM DAGEN 23.mai

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 24. Mai 2017

39 stk , i strålande sol, skapte liv og røre rundt omkring i lysløypa tysdag kveld.

Det var FINN FRAM dag og samtidig avslutning for gate-o-løpa. Det var liksom "eksamen" i kveld.

1.utfordring var å finne start. På kartet en den markert som trekant. Mål er markert som runding. Når trekanten står inni rundingen, er start/mål på samme plass. Slik var det ikkje i kveld. Det var ca 200 m å gå til startposten. Der stor Per og sørga for at alle fekk stempla og kom seg trygt avgårde. Og med rett kurs for 1.post. Løypa var 1.6 km og det var 8 poster.

Alle fant fram , og etter målgang fekk alle servert saft/ kaffe/ kake / pølse. Ein takk til Barhaug Sanitet som sørga for det.

Etterpå fekk alle prøve seg på ei runde natursti. Varierte spørsmål. Eg er sikker på at etter denne kvelden veit alle at vi har Pilfink og Gråspurv på fuglebrettet. 2 fugler i samme familie, ganske like, men med ein liten forskjell....Pilfink har ein svart flekk på kinnet.....

Så var det premie og medalje til alle

Alle 1.og 2.klassinger ( f. 2009 og 2010 ) som har deltatt på gate-o-løp/ Finn fram dag vil få Tur-O-konvolutt når den er klar.

Det var trekt 3 overraskelser blant dei vaksne.

Den som ønskjer lære meir om orientering kan fra nå delta på Dølakarusellen (terminliste oppe til hø på heimes.) Det er på onsdagskvelder.

Takk til alle som møte fram, og takk til alle som har deltatt på gate-o-løp.Det har vore ein fryd å vera arrangør. God sommar !!




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline