Rapport "Ukens post" 22.aug

Postet av Tormod Skilag den 22. Aug 2015

Dette var årets siste fellestur. Turmål var Gnedden og post 52.
Ingrid Haugen er oppvokst i dette området, er lommekjent , og var den perfekte turleder.

Dette var virkeleg ein suveren dag . Du får ikkje bedre turvær enn det vi hadde i dag. Heilt PERFEKT !! Og for ei utsikt ..... Ein kan bli mållaus av mindre..
13 stk valgte å bruke laurdagen til turgåing, og det var det ingen som angra på
Vi kjørte til Varphaugen. Videre til Holsetra og fra der på godt merka sti. Fyrst gjennom skogen til vi kom på snaufjellet og utsikta åpenbara seg.
Kvitmåsårabber så langt auga rakk, små fjellvatn, seterhus her og der, raude og gule molter stod og lyste på myrene, og utsikt rett mot Rondane.

(Aasmund Olavsson Vinje hadde så rett når han sa:" Nå ser eg atter slike fjell og dalar.....osv... )
Det må vera lov å bli litt poetisk på ein slik tur.....

Dette er ein lett tur, men siste biten opp fra setra til Søre Eide er ganske bratt og her får vi opp pulsen. Men plutseleg er vi på toppen og målet er nådd og vi kan klyppe post 52.

Og nå fekk vi oss ei god pause med kaffe og niste, tid til å ta bilder og nyte utsikten.
Og som tradisjon trekker vi gavekort kr 500.- blant alle som har deltatt på fellesturane gjennom sommaren. Vinnar vart Gitte Bertelsen.
Det var trekt 2 turkopper også som ekstrapremie.
Heldige vinnere vart Åse Sæther og Wenche S Sletten.
Etter ei lang og god pause var det tid for returen. Vi fulgte samme sti attende. Turen tok ca 2 timer kvar veg .
Tusen takk for at DU vart med !.


Vi må stoppe og nyte utsikta. Rondane i lett varmedis


Gnedden i sikte



Rast på toppen av Gnedden 1111 moh



Åse og Wenche , trofaste deltakere på fellesturane. Heldige vinnere av turkopp



Rett under Gnedden ligg setra til Søre Eide. Vi puster ut etter nedstigningen





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.