Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

O-løpet Dølakarusellen er godt i gang

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 27. Mai 2015



Tone,Marie og Aina etter løpet på Frya

O-folket har stilt inn kompasset, og er godt i gang med årets utfordring--- å finne postane,---og kanskje slå ein arg konkurrent.

I dag 27.mai gjekk løp nr 4 av stabelen, på Sorperokartet.

Fra før har vi vore på Kjønnås, Ringebu. Det var 6.mai.Der var det forresten stor deltaking fra Folkehøgskulen, totalt ca 30 stk, i tillegg 30 andre. Det er morro å delta når det myldrer av folk i skogen.

Den 13.mai var det løp på Vinstrakartet. 25 løpere stilte opp. Heribert hadde lagt ei fin, men utfordrande løype. Terrenget er nå ein gong slik på Tokse at det er bratt nedover , og enda brattare oppover. Bra for blodpumpa det !!!

3.løpet var på Frya. Ringebu/Fåvang v/ Ragnhild og Bjørn Haugen som arrangør 29 stk på start. Dette løpet var klubbmesterskap for Tormod. Vi gjer det alltid slik at klubbm. blir arrangert av ein anna klubb. Bjørn silte med heilt nytt kart. "Frya-Øvre Arsenal. Målestokk 1:5000. Ekv 2 m. Uvant målestokk, men utruleg spennande område. Masse groper, høgdepunkt, stier og små hus ( gamle ammunisjonslager)Her var det om å gjera å vera skjerpa heile tida, og følgje godt med.

I kveld 27.mai var det Tormod sin tur til å arrangere. På Sorperokartet er det skjedd mange endringer og det blir ei stor utfordring å legge løyper. Men Trond hadde klart å få til ei spennande løype. Fra Eidesand og opp til Dokkalykkja og gapahuken, med mål på Barhaug
Vi fekk oss ei overrasking på turen.... Det er starta gravearbeid for fotballbana, og før vi visste ordet av det stod vi midt i anleggsområdet...med dumpere på alle kanter.... Det var ikkje så lurt !!!. Området er merka "Adgang forbudt" ned mot Eide !! Men du veit ein orienterer ser ikkje det når han kjem frå andre kanten........

Så det må bli ein obs obs til alle turgåere i området. Hald GOD avstand til anleggsområdet !



Samlingsplass Frya



Selma og Line etter løpet 27.mai



Per oppdager at han mangler 1 post. Han prøver å protestere !!

Resultat blir lagt ut på heimesida om litt.... Men til så lenge finn du dei på EVENTOR





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc