Satsing på paraidrett i Tormod Skilag

Postet av Tormod Skilag den 11. Mar 2026

Tormod Skilag ønskjer å vere ein klubb for alle. Difor startar vi no ei eiga satsing på paraidrett, slik at fleire barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjingar kan få oppleve idrettsglede, meistring og fellesskap hos oss.

Paraidrett handlar om å leggje til rette for at alle skal kunne delta i idrett – uansett funksjonsnivå. For oss betyr dette at vi ønskjer å tilpasse aktivitetar, utstyr og opplegg slik at fleire kan vere med på trening, aktivitetar og arrangement i klubben.

Gjennom denne satsinga vil vi arbeide med å:

  • leggje betre til rette for deltaking i trening og aktivitet
  • auke kompetansen om paraidrett blant trenarar og frivillige
  • samarbeide med familiar og aktuelle fagmiljø
  • skape eit inkluderande og trygt miljø der alle kjenner seg velkomne

Klubben har oppretta ei eiga rolle i styret med ansvar for paraidrett. Målet er å utvikle eit godt og varig tilbod der fleire kan vere med i aktivitet og idrettsglede.

Vi ønskjer også dialog med familiar som har barn eller unge med behov for tilrettelegging. Ta gjerne kontakt med Silje Wahlquist Rindhølen (tlf: 95240014) dersom du har spørsmål, behov eller innspel.

Sjå https://www.paraidrett.no/om-paraidrett/ for å lære meir om paraidrett. 

 

Saman skapar vi ein klubb der alle kan vere med!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Tormod Skilag