FINN FRAM DAGEN 2015

Postet av Tormod Skilag den 31. Mai 2015

Strålande dag i Sorperoa når 41 barn og 17 vaksne var samla til årets Finn Fram Dag 31.mai.
Dagen skulle også markere starten på årets Tur-O , men desverre er ikkje Tur-O posen klar for salg enda.
Men Sorperokartet er klart , så da fekk alle gå den runda og leite fram dei 6 postane som er uthengt.
Mange er erfarne postfinnere, og finn fram utan hjelp. Men vi hadde mange hjelpere i beredskap for å gje gode råd før start. Om nødvendig var dei også med rundt i løypa.

Dagen var utruleg vellykka. Været var på "vår" side. Folk kosa seg med postklypp, og etterpå nokre oppgaver som skulle løyses. "Finn 5 feil" er populært. I tillegg fekk alle litt testing av sin lokalkunnskap
( Ikkje alle visste at Nord-Fron sitt høgaste fjell er Heimdalshø. Og at Dokkalykkja i gamle dager var Tormod sin fotballbane. Fotball var hovedaktiviteten til Tormod den gong. Og også turning står det i den gamle Tormodboka)

Og sjølsagt var det traktering. Pølser, frukt, kaker, saft og kaffe stod på menyen.
Og til slutt premieutdeling til alle barna. Premien i år var eit kompass, og "sertifikat" som bevis på at du fant fram.
I tillegg skal 1.og 2.klasse få årets Tur-O-pose når den blir klar.

Takk til alle som møtte og skapte fin ramme og stemning på Finn-Fram-Dagen.
Og takk til alle hjelpere. !!!

Marie og Tove



Alle har fått kompass og bevis på at dei kan finne fram....



Full konsentrasjon med kart-tegn



Godt å slappe av etter postplukken



Ein av 5 feil var ganske så klar......



Og til slutt trekte Ulrik gavekort for vinter-O-postane. Vinner vart Åse Sæther.







Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.