Tormodprisen 2019

Postet av Tormod Skilag den 14. Mar 2019

Denne prisen vart oppretta i 1986 og hadde følgjande statuttar:

Tormodprisen kan gå til:

* Personer med gode idear som har ført til auka aktivitet inna laget siste år

* Slitaren, som gjennom fleire år har gjort ein innsats for Tormod skilag, ofte i det skjulte,bak kulissene

*Andre, som på ein eller annan måte har gjort seg fortjent til ein slik pris

Framfor kvart årsmøte blir medlemmar i Tormod skilag oppfordra til å komme med forslag på kandidat til prisen. Forslag skal leverast leiaren i laget - og prisen blir utdelt på årsmøtet. Prisen går til den som får flest stemmer.

Du finn oversikt over alle som har fått prisen her på heimesida, under overskriften "OM OSS" , 27 stk i alt har til nå fått prisen. Enkelte år er det ikkje kome inn forslag, og derfor er ikkje prisen utdelt da.

Årsmøtet er planlagt til 31.mars. Da må vi ha DITT  forslag før 24.mars

Oppfordrer alle medlemmer til å komme med forslag. Kven utmerkar seg,-- kven er usynleg slitar,-- kven gjer sitt til at du trivs i Tormod,-- i det heile tatt, sjå deg rundt, tenk deg om og send forslag. Det er mange der ute som fortjener å bli satt pris på.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.