TRIM - TRENING - VELVÆRE

Postet av Tormod Skilag den 5. Jan 2017

GODT NYTTÅR

Vinteren har festa grepet.

Nærmiljøet med løyper og stier ligg klart for alle som vil trimme / trene.

Kanskje hadde du eit nyttårsforsett om å bli meir aktiv ??

Tilboda ligg rett utafor døra...., ta deg ein tur når det måtte passe deg, aleine, eller saman med gode trimvenner, eller ta del i den organiserte treninga. Fritt fram.

Vi i Sorperoa er utruleg heldige som har naturen heilt inn på verandaen.


TURLØYPA : Vart kjørt opp att i starten på desember, samtidig med åpning av ny E-6. Det var lenge veldig spennande om det gjekk an å få til att turløype, men Svein har fulgt godt med og var klar til å starte løypepreparering så fort vegarbeidet var avslutta. Det er veldig bra forhold der nå. Den blir preparert ved snøfall og ellers ved behov.


LYSLØYPA: Det blir meldt om bra forhold , men obs at det fortsatt er grus i vegen der løypa går opp nord for fotballbana.. 2 km traseen ( gjennom gruva) blir ikkje kjørt i vinter. Leikeanlegget er også klart. Parkering ved skistadion. Lyset står på til 22.


TURSTIENE: Alle dei vanlege stiane du kjenner fra sommeren er hardtrakka, og veldig fine å gå. Enten du vil ta ein liten rundtur med start ved Grind, eller ein lengere tur med start fra Tårud. Valget er ditt. Kan bla nevne stien til Hånåhoppet og Teigsetra. Dei er heilt topp !!


VINTER-O-POSTER: Ca 15 jan blir 10 stk vinter-o-poster satt ut. Alle blir i nærmiljøet ( bortsett fra 1 v/Tårnet på Gålå). Dette er fine turmål å gå innom på dagens trimtur. Tek sikte på 1 fellestur når det er fulmåne. ( sjå bilde, fullmåne Teigsetra 14.des.) Meir info.....




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline