Minneord Kirsten Larsen

Postet av Tormod Skilag den 10. Nov 2018

Æresmedlem Kirsten Larsen er død. Ho var født 2/10-41 og døde 22/10-18

"Vår" Kirsten, Tormod skilag's  stå-på-person gjennom mange år er borte.

Vi som fekk lære å kjenne Kirsten, sit att med  mange, mange gode og morsomme minner.

Å beskrive kva Kirsten har betydd for lokalsamfunnet og Tormod skilag spesielt er ikkje lett å få til med få ord.

Ho var primus motor og aktiv innafor orientering, langrenn og trim fra tidleg på -70 talet. Ho var trenar og leia bl.a innetreninga for langrenn på Barhaug i mange år. Ho gjekk Birkebeineren og var med på utallige fjellturer. Alltid på plass som hjelper på karusellrenn. Alltid blid og kjapp i replikken

Ei periode var ho løypesjef, og tok oppgava svært alvorleg. I lysløypa, i bakken opp frå elva der alle gjekk fiskebein danna det seg ein kul i midten. Der gjekk Kirsten med hakke og spade og jevna utover. På 50 års dagen sin vart ho hedra med eit skilt der. Denne bakken er for alltid " Kirstenbakken".

Mange trimdamer har hatt gleda av å gå fjelltur i hop med Kirsten. Ho hadde alltid  det "vesle ekstra" i sekken. Det kunne vera nøtter, sjokolade og tørre sokker som ho delte ut om nokon skulle mangle det. Ho passa alltid på hyppige drikkepauser, så ingen gjekk tom.

Ho var kanskje ikkje klar over kva ho betydde for dei gamle den tida ho kjørte post. Var det ikkje lys i glaset der ho for, fekk ho sjekka ut at alt var ok før ho kjørte vidare.  For Tormod var ho ein ressurs når div. post og info skulle ut ( Husk dette var før SMS og heimeside) Ho var kjent i bygda og var sjåfør på postrunda

Ho var glad i badstua, og møtte opp kvar fredag. Det var ikkje berre "lauging", men ein sosial møteplass der vi løyste mange verdensproblem.

Ho var aktiv i Vinstra musikklag, og sluntra aldri unna ei øving utan grunn.

Kirsten du var unik. Takk for alle gode minner.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline