Info om lysløypa

Postet av Tormod Skilag den 14. Jan 2018

Eit parti av 5 km i lysløypa er utan lys.  

Det er ei utfordring med snøtunge tre som legg seg over ledningen. Det er utruleg idyllisk å gå gjennom tunge  snøportaler, men ikkje fullt så artig når trea knekk og dreg med seg ledningen.

I dag vart ledningen rivi ned, og lyset vart borte i eit lite parti i 5 km-sløyfa.  Det er  fra krysset 3 og 5 km og oppover Budsbergjordet til der du går gjennom steinmuren.  

Det er ikkje problem å gå i løypa nå, for trea er rydda bort, men for sikkerhets skuld bør du ta med hodelykt .

Lyset  blir reparert så fort som råd er..




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline