Eventyrleg O-helg mm

Postet av Tormod Skilag den 26. Jun 2019

O-sommaren held fram, med litt "ferie" innimellom.

Dølakarusellen har løp på Kvam i kveld 26.juni. Merka fra Kvam sentrum. Spennande kart, så ta turen da vel.

Så blir det eit lite opphald, før vi held fram med "Eventyrleg O-helg" i Heidal;Vågå og Dovrefjell.

Dette er eit samarbeidsopplegg der O-løpere på ferie kan finne ei fin samling løp på  ei langhelg

10.juli: Heidalsprinten. I Heidal sentrum ( står ikkje på Dølakarusellen si terminliste)

12.juli: Heidalsdilten. Murudalen

13.juli: Myggklasken. Melingen Vågå

14.juli: Moskusspretten. På Dovrefjell

Påmelding via Eventor eller ved start.

Fellesturane til "Ukens post" har ferie fram til 30.juli. Da er det tur til Gålå

Turorienteringen har ikkje ferie. Postane ligg der til 15.september, så dei kan du besøke når det måtte passe.

GOD FERIE til alle, enten du reiser bort eller har verandaferie. Tenk på den fine badeplassen vi har på Eidesand. Ikkje nødvendig å reise til Syden, har sandstrand i Sorpero'n au oss




Fotografering

Postet av Tormod Skilag den 20. Jun 2019

Er du glad i å fotografere  ??

Vil du bli med å lage eit fotoalbum fra turer og aktiviteter  som du er med på.? Da må du sende bildet til adr.: tove.lillebraten@gmail.com.

Når sesongen er over vil vi legge ut bildene her på heimesida.  Husk å sjå deg omkring når du er ute. Sjå på "dei små ting" også . Blomster,steiner, mose, maur og andre småkryp, kvist og stubber, himmel og hav. Naturen er full av motiv....  Sjøl ein avblomstra Gullboste  (Løvetann)  kan vera fin, men du må stoppe opp og ta ein titt.

( Gullbosten er med dette 1. bilde til sommerens album)






1.fellestur til "Ukens post"

Postet av Tormod Skilag den 20. Jun 2019

Tysdag 18.juni  var vi i gang med fellesturer. Fyrst ut var tur på Sorperokartet. Totalt 6 poster vart klypt. Dette er ein lett tur som passer godt for den " yngre garde ".  Denne turen kan dei små godt gå mange gonger. Det er berre å starte på forskjellige plasser. Da blir det ein ny tur.

Ved post 6 er det bord og benker for ein pust i bakken. Og i kveld var grillen varm så da passa det godt å grille medbrakte pølser. Når været i tillegg var godt og varmt, vart det ein topp tur. 


Tek med ein liten rapport fra O-løpet på Tunebuhaugen 19.juni. Her fra startområdet. 13 stk deltok. Det er plass til mange fleire, og dette er ein utruleg fin form for trim. Det er alltid enkle løyper for dei yngste. Og om du er usikker i terrenget, kan vi hjelpe til med veiledning og følge om du vil.

Da må eg berre reklamere for løpet på Kvam 26.juni. Starten blir i området til høgre forbi Kvamshytta. Det er merka fra Kvam sentrum. Velkommen .



UKENS POST - fellestur

Postet av Tormod Skilag den 14. Jun 2019

I år har vi satt opp 6 fellesturer til utvalgte turmål.

OBS: ENDRING AV PLANLAGT TUR TIL GAPAHUKEN den 15.juni.  Det blir ikkje kaffe i gapahuken, men vi blir å finne på Peer Gynt senteret mellom 10 - 14. Her kan du "slå av ein prat", kjøpe tur-o konvolutt og and  og kanskje blir det ein kaffetår her.  

Programmet videre er slik:  

Tysdag 18.juni : Rundtur i Sorperoa. Møteplass ved lysløypa kl 18. Avslutning på Høgmolykkja. Der blir det fyra opp på grillen, så da kan du f.eks kan ta med pølser , evt anna kveldsmat. 

Tysdag 25.juni : Kløyvdalen. 6 poster. Vi bestemmer undervegs kor mange poster vi vil klyppe. Avreise fra Vinstrahallen kl 18

Tysdag 30.juli: Gålå.  6 poster. Avreise fra Vinstrahallen kl 18

Tysdag 6.august:  Gamle Breistulvegen.  3 poster. Naturleg samlingsplass er ved lavvoen. Dette er nytt kart . Avreise fra Vinstrahallen kl 18

Tysdag 13.aug:  Gamle sæterråk.  Rundtur i Grindberga. 4-5 poster, det bestemmer vi undervegs. Avreise fra Vinstrahallen kl 18

SØNDAG 25.august :   Kvitskriuprestane og Reiret.  Avreise fra Vinstrahallen kl 12.  Årets siste fellestur

Det er med turleder/kjentmann på alle turer. Ta med mat og kaffe.  

Vi lover kaffe og kringle " ved eit anna høve" !!

( Bildet er fra stikrysset og post 27 )




TUR-ORIENTERING 2019

Postet av Tormod Skilag den 6. Jun 2019

Årets tur-o er lagt ut for salg . Er å få kjøpt på Kiwi,Circle K Øvregata,  Sport1  og Synsam.

Pris kr 100. Ekstra klyppekort kr 10

Da ønskjer vi alle God Pinse  og God Postjakt !

( Obs post 47 og 48 blir lagt ut 10.juni



Tur-orientering 2019

Postet av Tormod Skilag den 3. Jun 2019

Da er vi øyeblikkeleg klare  !

Det ser ut til at vi skal  klare å få lagt ut årets tur-orientering for salg til pins.

Vi har etter beste evne prøvd å få til eit variert opplegg . Korte turer,lange turer,lette turer, toppturer .. Ein del nye turmål, men kanskje nokre som har vore brukt før.  Men det er ikkje sikkert akkurat DU har vore der.

Å gå tur-orientering er ein ypperleg måte å bli kjent i nærområdet på. Gå når du vil, i eget tempo, ta så mange poster du vil.  Husk ta med mat og drikke/kaffe.

Eit tips :  Les all info som er lagt i konvolutten. Kan kanskje vera til hjelp når du skal finne poster som ligg litt uttafor kjente stier 

Lykke til

Ein stor takk   til alle hjelpere som har stått på for å få til dette opplegget

Tove

Utsiktspunkt like ved post 26

Jordalen Hoppanlegg. Posten ligg uttafor området, til hø når du ser "inn i" bildet.