Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

Sesongavslutning Orientering

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 26. Nov 2019

Det var ikkje mange som fant vegen til Høgmolykkja og premieutdeling etter O-sesogen sist laurdag. Men dei som kom  ( 5 vaksne og 2 barn) fekk kaffe / gløgg og pepperkaker.  I tillegg fekk dei sine diplomer og premier.

Nå har eg masse diplomer og premier som ikkje er utlevert, men prøver i løpet av uka å få putta desse i postkasser rundt omkring. 

Alle barn som leverte inn kort skal ha diplom, og evt merker.  

Vaksne skal ha sine velfortjente merker og plaketter. 13 stk hadde klypt alle 55 poster i år. Blant desse vart det trekt ein liten "ekstra sak"

69 stk har levert inn klyppekort. Det var trekt 2 gavekort a kr 500 blant alle desse: Vinnere vart Kari Vaterland og Aud Byrløkken

Det var egen trekning blant barna, 27 stk totalt og vinnere vart Mia Haugen Bergheim,Petter Johansen Myren, Ola Nybakken og Ingrid Nybakken. Desse fekk gavekort på 300,. kr.

Vi deler ut " Tormod's Tur-O pris  ". Blant barna.  Denne prisen vart oppretta i 2017 .    Det er ein pokal med inskripsjon som du får " til odel og eige"          Statutter er at du har vist stor iver og interesse for tur-O.         I år gjekk prisen til Magnus Lillebråten.  Gratulere !! Han har vore ivrig deltaker i mange år. 

Premiering av deltakere i Dølakarusellen: Blant dei som har deltatt på 7 løp eller meire i løpet av sesongen blir med på trekning av gavekort kr 500.  Vinner i år er Bjørn Haugen.

Takk for ein aktiv sesong, og takk til alle hjelpere.





0 Kommentar

Premieutdeling for O-gruppa

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 21. Nov 2019

Vinteren har festa grepet og det er på tide å setja punktum for O-sesongen. 

Det blir utdeling av merker,plaketter og diplomer fra Tur-orienteringen + trekning av 2 gavekort a kr 500 blant alle som har levert inn klyppekort etter årets sesong. 

Blant barn som har levert kort blir det egen trekning av gavekort. 

For 2 år sidan oppretta vi " Tormod's tur-o pris".  Prisen går til barn som har vist stor iver og interesse for TUR-O.  

 Ola Gjerdingen vant i 2017, Magnus Ringlund i 2018.  Det blir spennande kem som får prisen i 2019 !!

Og for alle som deltok på minst 7 løp i Dølakarusellen blir det trekning av gavekort kr 500. Litten trøstepremie til den som har mindre enn 7

Vi gjer det enkelt ( slik vi gjorde i fjor).   

Møt opp på Høgmolykkja, på grillplassen laurdag 23.nov  mellom  kl 12 og 14.

Vi fyrer opp bålet og serverer gløgg/kaffe og pepperkaker. Kle deg godt. Ta gjerne med akebrett. Fine forhold for aking nå 

( Bilde: Ukens post til Kvitskriuprestein)


0 Kommentar

O-sesongen er på hell

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 10. Sep 2019

Tur-O postane står ute til og med 15 sept. Så da har du enda nokre dager der du kan ta ein real innspurt.

Men fra og med mandag 16.sept starter vi arbeidet med å ta inn postane. Dei må vera fjerna til elgjakta starter  den 25. Håper du har hatt ein fin sesong med mange fine turer.

Og så, for å bli med  på trekning av gavekort må du huske og levere klyppekortet . Frist 15.oktober. Dei som har registrert seg på nett må også levere klyppekort for å bli med på trekning. 

Siste fellestur til "Ukens post" var 13.august, og turmålet var Kvitskriuprestane og Reiret. 

Uttafor Reiret

8 stk var med på fellesturen, medan 5 stk hadde tjuvstarta, så vi møtte dei på tur ned att. Da vart det totalt 13 som fekk registrert turen.  Vi starta med Kvitskriuprestane. Kort, men bratt  tur. Prestane begynner å minke, men fortsatt står det att  eit par "magre " eksemplar. Naturen lager utrulege kunstverk.

Så gjekk turen til Reiret, der vi tok kafferast og trekning av div premier. Reiret er eit krigsminnesmerke og er freda. Hytta var brukt under 2.verdenskrig og Milorg i Nord-Gudbrandsdalen hadde sitt hovedkvarter her Hytta er godt kamuflert, og vart aldri oppdaga.

Gavekort på 500 kr vart vunne av Wenche Støstad Sletten. Gratulere.



0 Kommentar

VM på nytt kart oppå Åsom

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 18. Aug 2019

VM avslutning på Åsom 18.aug !!

Ja, nesten da...

Her var det løpere fra Norge, Sveits, Ringebu, Rudsbygd, Dovre og Vinstra.   Alle hadde fått med seg at ankermannen til Norge på herrestafetten i går bomma på poster. Så sjøl den proffe kan misse, og da er det liksom ikkje så alvorleg farleg om vi amatører går på ein sleiv i ny og ne heller.

Det var sol og fint vær når 30 stk stilte til start for å innvie  nytt kart. ( Gamle Breistulvegen) Det er Per Aasen som har utarbeidd nytt kart som vi skulle teste ut i dag. Han har lagt 3 løyper, 4.8 km 3.4 km og 1 km.   Ekstra gledeleg at det var 7 rekrutter med følge på start.

Dei aller fleste fant alle postane, og nykartet får absolutt "godkjent"

Ein stor takk til Solveig Aasen som stilte opp med  Verdens-beste, smultringer, sjokoladekake,saft og kaffe. Det falt i smak hos alle. 

Ja,ja, om dette ikkje var VM, så var det iallefall eit topp triveleg løp. Og veldig artig at så mange stilte opp. Nå var dette søndagsløp, så kanskje det er vegen å gå for å auke antall deltakere på løp.

Resultatet ligg på Eventor.orientering.no ( Eventor terminliste)

Neste løp er onsdag 21.aug. Kart Lomsetra




0 Kommentar

Haustprogram

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 17. Aug 2019

Tida flyg. Skulen skal starte. Ferien er over. Det betyr at O-gruppa også starter opp att med løp nå .

Neste O-løp er søndag 18.aug.Start kl 13. Kart: Gamle Breistulvegen. Kartet er nytt. Per Aasen har tatt arbeidet med utarbeiding av kartet .   Håper mange finn vegen hit. Det er merka frå Åsvegen ( tar av fra Skåbuvegen)   Det har vore svært lite oppmøte på våre O-løp i sommer, derfor prøver vi nå med eit løp på søndag.  Kanskje det vil passe bedre i ein travel kvardag.

Videre løp i haust er: 21.aug: Lomsetra kl 18  / 4.sept:Skårslåhaugen.Obs kl 17  /   11.sept: Strussberg kl 17

Tur-O "går sin gang". Postane står ute 1 mnd til.  Så du har enda  god tid. I programmet står det at postane står ute til 10.sept. Tenkjer vi drøyer til 15.sept.  Fra og med 16 starter arbeidet med å plukke dei nn att.

Ukens post. Det har vore 6 fellesturer. Avslutningen er søndag 25.aug. Avreise fra Vinstrahallen kl 12. Turmålet er Kvitskriuprestein og Reiret. På turen blir det trekning av gavekort  mm. . Ta med kaffe/drikke/mat.

Takk til alle som sender bilder.  Skal legge dei ut her etter kvart....

Da sees vi på O-løp søndag fk.  Minner om at det er rekruttløyper.

( Bildet er fra post 29.  Fellestur 13.aug )


0 Kommentar

Fellestur til Ukens post

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 4. Aug 2019

Fellestur til Gålå 30 juli samla 8 stk. Ruskevær og ferietid er kanskje grunn til lite frammøte. Men uansett så hadde vi som møtte opp, ein fin tur. Og vi gjekk heile runda og klypte 6 poster. Her ved post 24.

Etterpå drakk vi kaffe og åt niste på skistugu. Takk for turen.

Neste fellestur går til Breistulen, dato 6.august. Bilde frå lavvoen med nydeleg utsikt.




0 Kommentar

Orienteringshelg

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 15. Jul 2019

Post oppå skrent, med utsikt mot Bjølstadvatnet

Samlingsplass i osen på Melingen

Eventyrleg O-weekend samla i overkant av 300 løpere til sammen, fordelt på 4 løp

Det er tydeleg at turister som er O-interessert plotter inn reisemålet sitt dit det er O-arrangement.

I år var det Heidal og Viul som stod for Heidalsprinten(32 stk) den 10.juli. Og 12.juli hadde dei Heidalsdilten (75 stk)

13.juli var det Tormod som var arrangør for Myggklasken (67), og 14.juli var det Wing OK som arrangerte Moskusspretten( 135 stk) oppe på Dovrefjell.

Vi har hatt dette samarbeidet i fleire år ( Raphamn var med ei periode også, men i år går det løpet den 27.juli

For Tormod sin del var det 66 på startstreken. Samlingsplass og start/mål er ved Melingen ( kart Bøneslia) Vi hadde kjempefint vær, sol fra skyfri himmel. Løpet heiter Myggklasken, og det kunne mange bekrefte....at navnet var godt valgt. For mygg var det nok av,  

Etter mål var det godt å ta seg ein dukkert i Melingen. Takk til Hans Werp som hjelper oss med tidtakning.

Det var lite lokale løpere, desverre. Men dei som stilte gjenomførte med stil.

God, sktiv sommer fortsatt


0 Kommentar

Eventyrleg O-helg mm

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 26. Jun 2019

O-sommaren held fram, med litt "ferie" innimellom.

Dølakarusellen har løp på Kvam i kveld 26.juni. Merka fra Kvam sentrum. Spennande kart, så ta turen da vel.

Så blir det eit lite opphald, før vi held fram med "Eventyrleg O-helg" i Heidal;Vågå og Dovrefjell.

Dette er eit samarbeidsopplegg der O-løpere på ferie kan finne ei fin samling løp på  ei langhelg

10.juli: Heidalsprinten. I Heidal sentrum ( står ikkje på Dølakarusellen si terminliste)

12.juli: Heidalsdilten. Murudalen

13.juli: Myggklasken. Melingen Vågå

14.juli: Moskusspretten. På Dovrefjell

Påmelding via Eventor eller ved start.

Fellesturane til "Ukens post" har ferie fram til 30.juli. Da er det tur til Gålå

Turorienteringen har ikkje ferie. Postane ligg der til 15.september, så dei kan du besøke når det måtte passe.

GOD FERIE til alle, enten du reiser bort eller har verandaferie. Tenk på den fine badeplassen vi har på Eidesand. Ikkje nødvendig å reise til Syden, har sandstrand i Sorpero'n au oss



0 Kommentar

Fotografering

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 20. Jun 2019

Er du glad i å fotografere  ??

Vil du bli med å lage eit fotoalbum fra turer og aktiviteter  som du er med på.? Da må du sende bildet til adr.: tove.lillebraten@gmail.com.

Når sesongen er over vil vi legge ut bildene her på heimesida.  Husk å sjå deg omkring når du er ute. Sjå på "dei små ting" også . Blomster,steiner, mose, maur og andre småkryp, kvist og stubber, himmel og hav. Naturen er full av motiv....  Sjøl ein avblomstra Gullboste  (Løvetann)  kan vera fin, men du må stoppe opp og ta ein titt.

( Gullbosten er med dette 1. bilde til sommerens album)





0 Kommentar

1.fellestur til "Ukens post"

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 20. Jun 2019

Tysdag 18.juni  var vi i gang med fellesturer. Fyrst ut var tur på Sorperokartet. Totalt 6 poster vart klypt. Dette er ein lett tur som passer godt for den " yngre garde ".  Denne turen kan dei små godt gå mange gonger. Det er berre å starte på forskjellige plasser. Da blir det ein ny tur.

Ved post 6 er det bord og benker for ein pust i bakken. Og i kveld var grillen varm så da passa det godt å grille medbrakte pølser. Når været i tillegg var godt og varmt, vart det ein topp tur. 


Tek med ein liten rapport fra O-løpet på Tunebuhaugen 19.juni. Her fra startområdet. 13 stk deltok. Det er plass til mange fleire, og dette er ein utruleg fin form for trim. Det er alltid enkle løyper for dei yngste. Og om du er usikker i terrenget, kan vi hjelpe til med veiledning og følge om du vil.

Da må eg berre reklamere for løpet på Kvam 26.juni. Starten blir i området til høgre forbi Kvamshytta. Det er merka fra Kvam sentrum. Velkommen .


0 Kommentar

UKENS POST - fellestur

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 14. Jun 2019

I år har vi satt opp 6 fellesturer til utvalgte turmål.

OBS: ENDRING AV PLANLAGT TUR TIL GAPAHUKEN den 15.juni.  Det blir ikkje kaffe i gapahuken, men vi blir å finne på Peer Gynt senteret mellom 10 - 14. Her kan du "slå av ein prat", kjøpe tur-o konvolutt og and  og kanskje blir det ein kaffetår her.  

Programmet videre er slik:  

Tysdag 18.juni : Rundtur i Sorperoa. Møteplass ved lysløypa kl 18. Avslutning på Høgmolykkja. Der blir det fyra opp på grillen, så da kan du f.eks kan ta med pølser , evt anna kveldsmat. 

Tysdag 25.juni : Kløyvdalen. 6 poster. Vi bestemmer undervegs kor mange poster vi vil klyppe. Avreise fra Vinstrahallen kl 18

Tysdag 30.juli: Gålå.  6 poster. Avreise fra Vinstrahallen kl 18

Tysdag 6.august:  Gamle Breistulvegen.  3 poster. Naturleg samlingsplass er ved lavvoen. Dette er nytt kart . Avreise fra Vinstrahallen kl 18

Tysdag 13.aug:  Gamle sæterråk.  Rundtur i Grindberga. 4-5 poster, det bestemmer vi undervegs. Avreise fra Vinstrahallen kl 18

SØNDAG 25.august :   Kvitskriuprestane og Reiret.  Avreise fra Vinstrahallen kl 12.  Årets siste fellestur

Det er med turleder/kjentmann på alle turer. Ta med mat og kaffe.  

Vi lover kaffe og kringle " ved eit anna høve" !!

( Bildet er fra stikrysset og post 27 )



0 Kommentar

TUR-ORIENTERING 2019

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 6. Jun 2019

Årets tur-o er lagt ut for salg . Er å få kjøpt på Kiwi,Circle K Øvregata,  Sport1  og Synsam.

Pris kr 100. Ekstra klyppekort kr 10

Da ønskjer vi alle God Pinse  og God Postjakt !

( Obs post 47 og 48 blir lagt ut 10.juni


0 Kommentar

Tur-orientering 2019

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 3. Jun 2019

Da er vi øyeblikkeleg klare  !

Det ser ut til at vi skal  klare å få lagt ut årets tur-orientering for salg til pins.

Vi har etter beste evne prøvd å få til eit variert opplegg . Korte turer,lange turer,lette turer, toppturer .. Ein del nye turmål, men kanskje nokre som har vore brukt før.  Men det er ikkje sikkert akkurat DU har vore der.

Å gå tur-orientering er ein ypperleg måte å bli kjent i nærområdet på. Gå når du vil, i eget tempo, ta så mange poster du vil.  Husk ta med mat og drikke/kaffe.

Eit tips :  Les all info som er lagt i konvolutten. Kan kanskje vera til hjelp når du skal finne poster som ligg litt uttafor kjente stier 

Lykke til

Ein stor takk   til alle hjelpere som har stått på for å få til dette opplegget

Tove

Utsiktspunkt like ved post 26

Jordalen Hoppanlegg. Posten ligg uttafor området, til hø når du ser "inn i" bildet. 


0 Kommentar

Finn Fram dagen og Dølakarusell

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 15. Mai 2019

Nå går det slag i slag med orientering.

Tysdag 14.mai avslutta vi gate-o-løp sesongen . Gate-o-løp "bytta navn" til Finn Fram dagen og eit litt anna opplegg. Vi hadde stjerneorientering. Det foregjekk på den måten at løperen får kart med berre 1 post på. Så må du inn til målområdet og få nytt kart med ny post, osv.  I alt 6 poster var det i dag. Det var valgfritt kor mange poster du ville ta.   Premier til alle. Og uttrekkspremie blant dei vaksne

Været var strålande. Det var i alt 24 barn, 15 vaksne , 5 hjelpere + 2 som stod for grilling og servering. 

I tillegg var det ei lita ekstraoppgave som gjekk ut på å finne " 5 feil" plassert  rundt omkrng på Høgmolykkja.

( f.eks appelsin i eit tre,  furukongler i ei bjørk, søppel på bakken.mm )  Takk til alle som møtte opp, Nå held vi fram med Dølakarusellen....

Onsdag 15. var det Tormod som var arrangør for  Dølakarusellen. Her er det mest vaksne som møter, men må presisere at det alltid er løyper for nybegynnere, så alle som har tid og lyst til å prøve orientering , er hjerteleg velkomne. 

På start var det kun 11 stk, men alle  hadde kompassnålå rett innstilt , og alle fekk seg ei god treningsøkt.

Etter løpet vanker det saft,kaffe og kaker, og ein god prat om vegvalg, og evt bommer





0 Kommentar

FINN FRAM dagen

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 9. Mai 2019

Velkommen til Finn Fram dagen 14.mai . 

Samlingsplass på Høgmolykkja. Påmelding fra 17.30. Start fra kl 18

Dette vil markere avslutningen  for vårens gate-o-løp . Programmet blir "som før" : 

Fyrst ei runde for å leite etter poster. Videre blir det premieutdeling, grilling ++ Og kanskje litt anna spennande ..... ?   Velkommen til alle ,store og små, "nye" og "gamle"  løpere. og følgesvenner.  

( bildet er fra 7.mai)


0 Kommentar

"Ikke røre , bare se "

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 28. Apr 2019

Vårblomstene viser seg nå i sine finaste farger. Det er ei fin tid framover.

Men du må ikkje finne på å plukke  denne blomsten. Den er svært giftig. Navnet er TYSBAST. 

Lenger utpå sommaren lyser fine raude bær mot oss, men ikkje rør dei !!!

Tysbast blomstrer på bar kvist, og du kan sjå den i vårt nærområde der det er naturleg å legge trimturen.

Men,   "IKKE RØRE; BARE SE"

Bildet er fra Øldalen





0 Kommentar

Det er vår i Sorperoa !!

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 23. Apr 2019

Høgmolykkja var full av glade barn- og vaksne tysdag kvelden 23.april.  I alt 50 stk var i aksjon når O-sesongen starta opp med gate-o-løp i Sorperoa. 

Alle hadde kompassnåla rett innstilt og alle fant postane som var plassert rundt omkring i nærområdet.

Temperaturen var i løpet av dagen ca 20 pluss, litt kjøligere på kvelden, men det er da fortsatt april !!

Det er artig å vera arrangør når folk møter opp. Vel møtt neste tysdag,...samme tid, samme sted. 



0 Kommentar

Gate orientering i Sorperoa

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 8. Apr 2019

Vinteren er på hell , og da er det tid for å finne fram joggesko , kart og kompass. Det nærmer seg tid for å prøve seg på gateorientering att. Vi har 5 års jubileum i år. Dette opplegget har vore så populært at vi gjer det i år også.  Velkommen til alle, store og små.  Det blir satt ut poster rundt-omkring i Sorperoa. Det er enkel orientering, med svært liten sjanse for å "rote seg bort"

Kan bruke sykkel

Vi har hatt tradisjon for å starte 1. tysdag etter påske. Det gjer vi i år også. Tysdag 23.april er vi klar. Møteplass og start ved Høgmolykkja. Påmelding fra 17.30 . Start "når du er klar" mellom 18 og 18.30.

Vi har hjelpere på plass så det blir anledning til å få litt veiledning.

I år blir det arr 4 løp ( 23/4, 30/4, 7/5  med avslutning og premieutdeling 14/4 )

(Bildet er tatt 7.apr 2018. Det er nok mindre snø nå )



0 Kommentar

Litt info

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 23. Jan 2019

Har fått spørsmål om det blir Vinter-O poster i år ???

Vi har i nokre år satt ut 10 poster rundt omkring i nærområdet. Det har ikkje vore veldig stor respons på det, så i år blir det ikkje satt ut...desverre

Men vil oppfordre alle til å bruke "sommer-sti-nettet" . Dei mest brukte  stiene er brøyta, og eg kan garantere at du vil få mange fine turer her. F.eks tur til Teigsetra, Hånåhoppet, Svartberget mm

Bildet over er fra måneskinnstur til Teigsetra 2. jan 2018



0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline