Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

Turløypa

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 17. Des 2016

Turløypa tek form, og samtidig med åpning av ny E-6 kan vi opplyse om at ny turløypetraseen er kjørt, men det er ikkje spor enda.

Traseen er lagt om ein del, men den som har gått her før vil nok kjenne seg att.

Obs ved kryssing av veger, og over Kongsli bru. Her er det lurt å ta av skia

Bildet over er fra inngangen mot gapahuken. Det er fint å starte turen her.

Vi skal legge ut kart og komme med meir info etter kvart.

Vi trur dette er ei fin førejulsgave til folket i Sorperoa og omegn. Kanskje vil folk som kjører forbi, stoppe og ta seg ein luftetur også. Men ikkje bruk dei nyaste skia her enda, vi venter på meir nedbør

Her går løypa rundt jordet (Stormyra), og videre mot Tårud

Krysset ved Giverhaugen bru, langs ny E6, krysser Skåbuvegen og inn på Larsen jordet



Tormod skilag, ÅRETS TUR-O-ARRANGØR 2016

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 21. Nov 2016

I Helga 19.-20 nov arrangerte Norsk Orientering stor kompetansesamling på Gardermoen.

Her blir det bl.a delt ut ein del priser. Årets forbilde, årets rekrutteringspris ,årets unge trener og årets tur-o-arrangør.

Juryen skriv det slik:

"Tormod skilag er årets tur-o-arrangør.

I tøff konkurranse har den forholdsvis lille klubben fra Vinstra i Oppland ved hjelp av solid arbeid for å gi befolkningen i kommunen varierte og gode tur-o opplevelser gått helt til topps i denne kåringen, noe som gir et dytt i ryggen for videre arbeid.

Fra 2015 til 2016 økte de salget sitt med hele 66%, men det kommer langt fra gratis.

Bak tur-orienteringen står en solid dugnadsgjeng som stiller opp år etter år og legger ut turmål for alle som er glad i å ferdes i skog og mark. "


Eg hadde desverre ikkje anledning til å reise for å ta imot prisen, så den vil bli levert oss ved ei seinare anledning. Men eg sendte nokre ord på mail der eg takka pent for prisen.

Må si dette er ei stor ære og ein inspirasjon for oss alle som har jobba med tur-o i mange år.

Ein STOR TAKK til dugnadsgjengen. Å få ein slik pris viser at "det nytter" sjøl om vi er små.





Klubbkveld for O-gruppa 30.oktober

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 31. Okt 2016

( meir bilder under bildearkiv)

O-sesongen er avslutta. Søndag var det klubbkveld med utdeling av div. utmerkelser og anledning til å skryte litt av oss sjøl... Det var trekning av gavekort og ikkje minst trekning av sykkel.

O-sesongen er lang. Fra gate-o-løp etter påske til natt-o-løp i oktober. Mellom der er det tur-orientering, dølakarusell og ukens post. Nok å vera med på for den som trives ute i skog og mark.

1.) Medaljer fra klubbmesterskapet vart fordelt slik:

Gull og klubbmester yngste klasse: Even Skard Flækøy. Nr.2: Ådne Skard Flækøy. Gull og klubbmester Herrer 50+ : Ole Flækøy. Nr 2: Per Aasen Gull og klubbmester Damer 30+ : Marie Underdalshaugen Gull og klubbmester Damer 50+: Aina Rolstad. Nr.2 Tone Slåen Gull og klubbmester Damer 60+: Tove Lillebråten. Nr.2:Ingrid Haugen. Nr.3: Solvor Eide Gull og klubbmester Damer 80+ : Solveig Aasen

Mesterskapet var arrangert av Ringebu/Fåvang på Kvitfjell. Det vart eit krevande løp, for tåka låg tett rundt oss,...men med skjerpa O-sans og kompassnåla rett innstilt så kom alle i mål.

2.) Alle som deltok på Natt-o-løpet fekk kvar sin refleks. ( Kjekt å ha nå i mørketida) 10 stk deltok. Å orientere i mørket er spennande og utfordrande, spesielt hvis hodelykta sviktar. Det fekk enkelte erfare.......

3) Dølakarusellen i samarbeid med Ringebu/Fåvang har avvikla 15 løp. Det vart trekt 2 gavekort a 500 blant dei som har deltatt minst 7 gonger. Vinner: Per Aasen og Ingrid Haugen. Det vart også trekt 2 gavekort a 250.- blant ungar (t.o.m 16) . Vinner: Ådne S.Flækøy og Niclas Nybakken Pallsveen

4) Kveldens største spenning var trekning av ein sykkel i klassa t.o.m 16 år . Den var satt opp som premie til den som gjennom sesongen har deltatt på minst 10 O-løp ( Samla Gate-o-løp og Dølaksrusell ) Det var mange som deltok på gate-O-løp, men antallet minka når vi gjekk over til karusellen. Så til slutt stod det mellom, Ingrid Nybakken og Ådne Fagervold.

Heldig vinner vart Ingrid Nybakken.! Ho kan gå og hente seg ein sykkel hos Åge Tøftestuen. GRATULERE !!

Det vanka ein liten trøstepremie til Ådne. Han fekk "rekruttpakke" (kompass og løperbrikke)

Begge to har vist at dei har anlegg for orientering, !! Håper å sjå dei også neste sesong

5) Tur-orienteringen hadde 65 poster i år. Rekneskapet viser at 220 har kjøpt konvolutt/ekstra kort. Det er kjempebra. 55 stk har levert inn klyppekortet. Av dei har 25 klart kravet til GULL. 9 stk har klypt ALLE postane. Desse 9 får gratis konvolutt neste år.

8 barn klarte kravet til bronse, 3 får sølv og 3 får gull. Godt gjort

Det vart trekt 6 gavekort blant alle som har levert inn klyppekortet. Dei heldige vart:

Sebastian Aulie Aasen (500 kr), Line Slettmoen (500 kr), Mads Davidhaugen (250 kr), Mathias Nybakken ( 250 kr) Ådne Fagervold ( 250 kr) og Ane Oline Rønshaugen ( 250 kr)

6) Evigunge Solveig Aasen, superveteran med stå-på vilje og tæl har klypt alle tur-O-postane, Ho har starta i ALLE løp i Dølakarusellen, Ho går Tur-O i Ringebu, og vart krona med 30 års plakett fra der i kveld. Ragnhild Haugen stod for utdelinga av den.

Og sist , men ikkje minst så er ho KRETSMESTER for Oppland. Ho deltok både i SPRINT og LANGDISTANSE.

Gratulere så masse, vi løfter hatten og bukker for deg.

Til slutt.... takk til ALLE hjelpere for super dugnadsinnsats. Uten dere,... ingen O-aktivitet

30 års plakett til Solveig Aasen fra Ringebu/Fåvang IL v/Ragnhild Haugen




NATT - O - LØP

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 12. Okt 2016

Velkommen til Natt-O-løp i kveld 12. oktober. Det er start ved Barhaug kl 19.00.

Det er lagt 2 løyper, og løpsleder Trond G melder at det er lette løpstraseer

Dette er ikkje noko "hokus-pokus". Det er vanleg orientering, men i mørket. Husk hodelykt, det er viktig redskap i kveld.

Om du ikkje har prøvd dette før, så ta turen til Barhaug og prøv da vel.....

VELKOMMEN . HUSK HODELYKT



Tur-O sesongen er over

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 22. Sep 2016

Tur-O sesongen er over, postane er tatt ned.

Hausten har bydd på det perfekte turvær, så mange har hatt det travelt med å klyppe dei siste postane for å sanke nok poeng....

Men når elgjakta starter den 25. , må vi vera ferdige med å flyge og leite etter postar.

Opptelling så langt tyder på at ekstra mange har vore ute på tur i år.

Frist for å levere inn klyppekortet er satt til 15.oktober. Alle - uansett poeng- er med på trekning av gavekort a 500 kr. Egen trekning for barn,....

Vi fører statistikk over alle som har levert inn kortet og passer på så du får merke i riktig valør.

Tur-O merket blir delt ut 1.gong merkekravet er oppnådd. Dei andre gongene blir det "berre" registrert.

Har du klart kravet til gull 5 gonger får du plakett i bronse, 10 gonger plakett i sølv, 15 gonger plakett i gull. Videre er det plaketter for 20-25-30....osv for oppnådd gullkrav.

Klubbkveld er planlagt til slutten av okt. Meir info etter kvart.......

Klyppekortet kan du levere til T.Lillebråten Høgmovegen 24

Håper du har hatt mange fine turer i skog og mark. Kanskje vart du litt meir kjent i nærområdet også.....




Siste fellestur til Ukens post

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 29. Aug 2016

Gjennom sesongen har vi samla oss og reist felles for å finne O-poster. Totalt 8 turer vart det i år.

Søndag 28.aug. var siste turen for i år. Turen var lagt til Vinsterfossen og Petsiko i Skåbu. Iver Maurstad var kjentmann . Fyrst var vi innom Vinsterfossen og klypte post 46 før vi for videre til post 45, Petsiko. Historia fortel at denne hytta har vore brukt av tømmerhoggere fra 1940 åra. Heilt utruleg å kunne bu under slike forhold, tenkjer vi , men slik var det den gongen.

Enkelt utstyrt med seng, ovn og kopper og kar. Ikkje lett å få auga på der den ligg under ein skrent med berget som tak. Veldig bra at plassen er tatt vare på og åpna for turgåere.

Den låg fint til ved elva Snubba, ca 15 min å gå fra parkering på fin sti.

Som tradisjon har vi trekning av gavekort på siste turen. Heldig vinner vart Ole K.Nybakken.

To ekstrapremier gjekk til Solvor Eide og Eva Bekkum. Dei fire barna som har deltatt i år fekk alle ein liten overraskelse.

Vi var 12 stk på turen. Vi diskuterte neste års opplegg, og det kom mange gode innspill og forslag. Vi tek gjerne imot fleire gode forslag. Så hvis DU veit om ein plass vi burde besøke så si fra.

Alle tur-o-poster står ute til 15.sept.

Vinnere av gavekort og turkopp.

Solvor kvitterer i hytteboka




Hånåhoppløpet har starta

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 27. Aug 2016

21 spreke løpere startet på turen opp Hånåhoppet.



Rapport frå fellestur til O-post 50 den 16.juli

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 17. Aug 2016

14 stk var veldig smarte og ga seg med på tur til Klufttjønn. Ei utruleg fin perle på Kvamsfjellet. Når vi i tillegg fekk drømmevær på turen, ja da blir kvelden perfekt.

Vi kjørte til Vassmillom, og tok beina fatt fra der, på fin sti. Ca 1 1/2 å gå

Kvam IL har gjort ein enorm jobb med løypenettet, dette får vi som turgåere nyte godt av. Veldig bra!

Vi fulgte stien fram til posten. Den låg godt synleg på ein topp med utsyn over tjønna . Her stoppa vi og tok ei god pause med mat, kaffe og masse twist før vi tok fatt på returen. Vi måtte rekke håndballkampen Norge-Sverige.

Takk til turleder Janne Bjørklund som tok oss med til denne perla. Om vinteren går skiløypa forbi her. Ho anbefaler absolutt å ta turen med ski på beina også

Neste tur er søndag 21.aug med turmål Sekstjønnene. Frammøte kl 11 ved Hallen


Skyfritt og vindstille. Heilt perfekt

Retur med Furusjøen rett fram



Rapport frå fellestur til "ukens post"

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 10. Aug 2016

Den 9.aug gjekk turen til Korsbakken. Her står eit kors med teksten: " Venner lad mig stå i fred"

Historia fortel at ein mann frå Sør-Fron omkom her ein gong på 1800-talet. Han var på tur heim frå Høgsetra, og i det bratte terrenget ved Loveslesetra skal hesten ha trødd feil og mannen falt av og omkom.

Det er reist eit trekors på plassen der dette skjedde. Ildsjeler og Fron Historielag har bytta ut korset eit par gonger etter at vær og vind har tæra på det. Nå er nok korset snart modent for utskifting att .

Margrete Myhre var turleder og kjentmann på turen. Tormod skilag har plassert Tur-O-post nr 40 her. Vegen hit var kronglete, men nå er den rydda og merka fram til posten og korset. Stien er nå godt synleg, noko som tyder på at mange har tatt turen hit i år.

Vi var 7 stk som deltok på turen til denne historiske plassen. Den ligg altså "nord-og-ned" for Loveslesetra. Turen hit er kjapt unnagjort, så for å forlenge turen valgte 3 av oss å gå råket ned att mot Wahlquist, og videre Gudbrandsstuguråket mot Grind.

Kafferast og kvittering i turboka gjorde vi ved Barrustmosetra. Det vesle huset på bildet har stått i området der baksidevegen mot Kvam tar av fra Skåbuvegen. ( Ved Aud Byrløkken)

Takk for turen og takk til Margrete som tipsa oss om denne plassen. Viktig å ta vare på historia og bringe den vidare.


Her tok vi kafferasten. Huset i bakgrunn har stått i Sorperoa, på tomta til Aud Byrløkken

Fantastisk utsikt over den nye Vinstra by . ( tatt nedafor Loveslesetra.)



O-gruppa held fram med aktiviteter

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 8. Aug 2016

Julihimmelen speglar seg i vatnet

Etter nokre veker med ferie er vi nå i gang med haustprogrammet. Så følg oss på turer og ta del i O-løp

Håper du og alle andre har hatt fine feriedagar, men nå er vi i gang att........

Vi starter opp tysdag 9.aug med fellestur til post nr 40 . Den ligg ved eit minnekors nord og ned for Loveslesetra.( Kart Gamle sæterråk) Det passer å kjøre til setra å parkere der. Gå nokre meter etter vegen til du ser eit raudt merke som viser stien videre. Følg merking.

Det var ei tragisk hending her ein gong på 1800 talet, Ein mann mista livet etter å ha falt av hesten.

Program videre er slik:

16.aug: Fellestur til Klufttjønn. Avreise kl 18

17.aug: Dølakarusellen. O-løp Kart: Skårslåhaugen. Mrk fra E-6 Vinstra

21.aug. Fellestur til Sekstjønnene. Avreise kl 11

23.aug: Fellestur til Feforkampen. Avreise kl 18

24.aug: Dølakarusellen O-løp. Kart Kvitfjell. Mrk fra E-6 Ringebu

28.aug. Fellestur til Petsiko/Vinsterfossen. Avreise kl 11. Avslutning for fellesturane. Trekning av gavekort.

31.aug: Dølakarusellen O-løp. Kart: Gålå. Mrk fra Gålå handel

7.sept: Dølakarusellen O-løp. Kart: Tunebu/Lomsetra?. Mrk fra Fefor v/bom. Obs. start kl 17

12.okt: Natt-O-løp på Sorperokartet. Start kl 19

Minner om at tur-O-postane står ute til ca 15 sept. Alle må ned att før elgjakta. Har intrykk av at riktig mange har vore ute i skog og mark i år. Det er bra.



Vellykka orienteringshelg i "Dalen"

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Jul 2016


Samlingsplass ved Melingen. Folk slapper av før løpet


Når 3 klubber slår seg i hop og arrangerer O-helg , ja da stiller løperne opp. Mange bruker ferien og reiser rundt på løp forskjellige plasser.

I år var det Heidalen som hadde "Heidalsdilten" fredag 8.juli. Tormod hadde "Mggklasken" 9.juli og Lillehammer arrangerte på Raphamn den 10.juli.

Vi er godt tilfreds med helga. Løperne kunne ikkje få fullrost terreng, samlingsplass og opplegg. Det varmer i sjela å få gode attendemeldinger. Det gjev oss ein piff til å fortsetja å arrangere.

Ein del lokale løpere fant vegen også, .....men kunne vel gjerne sett fleire.... Men det er tross alt ferie med andre opplegg.

Vi må takke Hans Werp for hjelp med tidtakning. Det er ikkje strøm der Heidalen og Tormod arrangerer, men han har eit lite hendig stillegående agregat som skaffer nok strøm.

(Løpa i år var ei miniutgave av "Heidalsviku" .i 2014 og -15 var det totalt 5 løp.)

Heidal hadde 60 på start, Tormod 72 og Raphamn 80.

Så får vi evaluere....., Blir det løp neste år ???

Vinner 4.4 km i Heidalen Petter Gullikstad fra Røros i diskusjon med arrangør Arne og Henning

Ungane stilte også opp



Rapport frå fellestur på Tunebuhaugen 5.juli

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 5. Jul 2016

Hurra !! Post 13 er funnet !!

Vi har på nytt hatt ein svært så triveleg tur . Denne gong reiste vi til Tunebuhaugen . Turleder Svein hadde satt ut 5 poster som vi skulle prøve å finne.

Vi var 19 stk som gjekk innom alle postane, medan to tok ei litt stuttare variant. Totalt 21 i kveld. Det er veldig bra at så mange møter opp

Vi tok postane i rekkefølge fra 13 til 17.

Vi tok kaffepause ved post 15. Det gjorde godt. God temperatur, og ingen mygg eller knott som plaga oss

Det var litt tunge skyer over oss i starten, men regnet venta til vi var framme ved bilane att etter endt runde

Takk for turen !! Nå tek vi "ferie", så neste fellestur blir 9.august.

På rekke og rad i lyngen kunne vi nyte ein kaffeskvett

Turleder Svein og Varg slapper av



Velkommen til O-helg i Gudbrandsdalen 8-10.juli

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 5. Jul 2016


Tormod skilag samarbeider om O-helg i vår region.

Vi starter med Heidalsdilten fredag 8.juli på Kvernbru. Kart: Gamle Granrudsætrin . Avkjøring ved Harlaug bru. Bomveg

Laurdag 9.juli følger vi opp med løpet ved Melingen som har fått navnet "Myggklasken". Kart: Bøneslia. Merka fra Bjølstadmo

Søndag 10.juli avslutter vi på Raphamn med løp i høgfjellsterreng. Ildsjela Jon Vegard Lunde er arrangør.

Alle 3 løp er med i Dølakarusellen, Vi har fått ein god del forhåndspåmeldte, så dette tegner bra. Det er anledning til å melde seg på ved start også, så vi håper på ein STOR delegasjon lokale løpere også.

Løypene er slik at dei passer for alle,med lengde og utfordring.

Enkle, korte løyper for nybegynnere.

Denne O-helga bygger på "samme lest" som Heidalsviku i 2014 og 2015, men med berre 3 løp i år.

Velkommen til fjells !!




50 år med Turorientering i Norge

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 29. Jun 2016

Tur-O i Norge feirer 50 år.

Sitat: " Norsk orientering vil feire dette ved å gi fem heldige vinnere ein premie. For å bli med i denne trekninga må du registrere deg på turorientering.no og ha tatt minst 30 tur-o-poster i 2016 "

Tormod skilag har 42 år som arrangør. Vi registrerte vår tur-o på nett i 2012. Gå "inn på" turorienteringen.no og ta ein titt.

I årets tur-o- pose ligg det meir info om korleis registrere seg på nett for den som er interessert. Her kan du også legge inn blogger fra turer du er på.

I år ser turgleden ut til å nå nye høyder. Vi gjekk tom for poser,.... beklager at butikkene var tomme nokre dager. Men nå er det kopiert ny forsyning og lagt ut, så det er berre å traske i veg...

Tur-orientering er for alle !! Store og små !!

Fellesturane er sosiale, og det blir lagt vekt på litt instruksjon i bruken av kart...

Vi har til nå hatt ein herleg sommar med lange fine kvelder der du berre kan nyte å vera ute i naturen .

Ikkje gløym å sjå deg rundt . Og husk å ta med mat og kaffe/saft.

Fortsatt GOD SOMMAR og GOD POSTJAKT

50 år med Turorientering i Norge

Ballblom dukker opp her og der hvis det er litt rått

Det er berre å nyte....... Forglemmegei og Jonsokblom i naturleg bukett ..






Rapport fra fellestur til Skårslåhaugen

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 28. Jun 2016

Storslagen utsikt fra post 25

Totalt 20 stk stilte opp på turen til Skårslåhaugen 28.juni. Ole Kristian og Åse Nybakken var turledere, og dei leda oss trygt fra post til post. Gruppa vart delt i to. Dei som ville klyppe alle 6 postane og dei som ville klyppe 4.

Vi starta innafor Bruli i retning post 23. Ole Kristian fortalte at stien vart kalla både Lauvåsråket og Gullhusråket. Mot post 24 passerte vi eit trangt part kalla "Gullhusklemma" Fra post 24 gjekk vi over myra og passerte forbi "Piptjønn" slik at vi hadde den på vår venstre side. Idyllisk plass forresten. Videre under skrenter, og så rett til værs og fram til post 25 på eit flott utsiktspunkt.

Så var det å peile seg inn på Bosliråket som ville føre oss til post 26. Her møtte vi dei andre, deriblant 4 lettbeinte barn som såg ut til å kose seg på turen.

Så gjekk vi samla fram til vegen og hadde kaffepause før vi i gjekk mot post 27. Så stod det att å finne post 28, og den tok vi på tur attende til bilane.

Obs. Obs Det var to som start litt før oss andre, og vi lurer på om det var ulv dei såg ???

( Hvis du går turen "andre vegen", og starter opp Bosliråket så er det satt opp eit lite skilt som markerer der du kan ta av mot post 25,.... lett å gå for langt her.... )

Takk for ein triveleg tur ....... Neste tirsdag møtes vi på Tunebuhaugen.

Kaffepause

Dette merket står i Bosliråket




Rapport frå fellestur til Gravdalsfjellet

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 19. Jun 2016

Vi er igang med felles turer og klypping av "Ukens post". Denne gongen var vi saman med DNT, og målet var Gravdalen , nærmere bestemt Gravdalsfjellet på 1378 m.o.h. Der var post 44

19 stk møtte opp , og alle var glade for endeleg å vera i gang. Starta ved sætrene i enden av Gravdalsvegen. Det er bra stigning i starten, flater så litt ut før neste stigning, og til slutt siste etappe opp på toppen. Det er godt synleg sti heilt til foten av sjølve toppen, men fra der kan du gå over alt i grasdekte renner.

Etter å ha klypt posten var det tid for matpause. Pga litt sur vind ,vart det søkt ly litt nedafor toppen.

Etter ei god pause fortsette turen for DNT videre til Tjønnfjellet. Resten returnerte til utgangspunktet.

Turleder oppsummerer slik : FIN TUR !!

Neste tur er postplukk på Skårslåhaugen 28.juni


Rast i ly for vinden

Nydeleg utsikt frå toppen. Bildet er tatt når vi satte ut posten 6.juni




Fellestur til "Ukens post"

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 13. Jun 2016

Den 19.juni er fyrste fellesturen . Det er på søndag og det blir fellestur med DNT.

Turmål er Gravdalsfjellet . Det er tur-o-post 44 plassert

DNT-turen er planlagt slik: Gravdalen, Rundkollen , Gravdalsfjellet, Tjønnfjellet . Ein tur på ca 4.5 t. Turkoordinator DNT Aina Rolstad . Frammøte Gravdalen kl 10.

Vi ( Tormod skilag) gjer det slik at vi møtes ved Vinstrahallen for felles avreise kl 09.15. Er lurt å fylle opp bilane. Så samles vi for felles avgang kl 10. ( Bomveg med kortbetaling )

Da er det valgfritt om alle blir med DNT på heile turen, eller om vi berre går til Gravdalsfjellet og klypper posten . Det kan vi bestemme når vi møtes.

Tormod har med egen turleder. Ta med mat og drikke.

Dette er ein veldig fin tur, fin sti, lett å gå. Litt stigning i starten og siste biten opp til posten.

( Sist vi hadde fellestur hit, måtte vi snu pga tåke, men det skjer nok ikkje i år. )






Fellesturar til "ukens post" nærområdet

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 9. Jun 2016



Tur-O / KORRIGERINGER

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 5. Jun 2016

Mange ivrige turorienterere har starta postplukken denne helga. Det er bra. !!

Fleire med god observasjonsevne har oppdaga feil ved koordinaten til Vinsterfossen og Petsiko.

Hvis du har kartet "Peer Gynts Rike ( Skeikampen-Kvitfjell-Gålå-Fefor-Espedalen) og ser heilt på toppen av kartet så står det 18-18-20...osv Det oppdaga ikkje vi, men den oppsatte koordinat vart sjølvsagt feil. Der skulle det stått 18-19-20 ...osv

Korrigert posisjon blir : Vinsterfossen 193 -147, og Petsiko 192 - 135

( Det godt merka til desse plassane)

Ellers er post 42 : Søre Eldåkamen og Post 55: Ringebumuen plassert i finværet i dag.

post 37 i Øldalen

Ved Sandstjern finn du post 49.

Forslag: Parker på Voll. Gå/sykle til Sandseter. Gå fra der.



Tur-orienteringen er klar

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 3. Jun 2016

I dag 3/6 blir tur-o-posene lagt ut for salg på Kiwi, Flækøy Synssenter, Statoil og G-sport.

Enkelte topp-poster er ikkje ute enda, men så fort det blir tørt og bart blir det gjort.

Takker for ein iherdig dugnadsinnsats og hjelp for å få postane på plass.

Det er poster på våre vanlige O-kart og mange enkeltståande poster på topper og spennande plasser.

Kulturminneposter er plassert ved Skard ( Pilegrimsleden) ,Sæterruin oppå Søljurusten, Petsiko i Skåbu og Minnekross under Loveslesætra.

Nytt i år er 10 stk Nær-O poster på Sorperokartet ( eget klyppekort, merka 1a - 10a ) Totalt 16 poster på Sorperokartet.

Da står det att å si GOD POSTJAKT, håper alle får mange helsebringande turer.

Solvor på Nåsåberget, post 43



Dølakarusellen er i gang

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 19. Mai 2016

Vi er godt i gang med karusellen. Dette er samarbeid mellom Ringebu/ Fåvang og Tormod. Det er åpent for alle. Vi har totalt 15 løp + natt o-løp (med hugulykt)

Tormod står som arrangør for 10 av løpa. Vi oppfordrer alle som deltok på gate-O-løpene ( og andre) å bli med oss. Desse løp er ikkje meir vanskelege enn dei vi hadde i vår. Men det er fleire løypelengder å velge i. Og det er ALLTID ei kort,lett som passer for rekrutter/ nybegynnere.

I går på 18.mai var det løp oppi Tokse. Det var Heribert som hadde lagt løypa og Ole Kristian var hjelper. 15 stk deltok. Løypene gjekk på kryss og tvers i boligfeltet og delvis i skog med masse stier og veger som ledetråder. Nokon fant postane lett, andre bomma litt, men alle kom i mål til slutt. Slik er det å vera på O-løp.

Alltid morro å diskutere løypevalg + bommerter etter målgang.

Og det er premier til alle t.o.m 16 år. Og saft ,kaffe og noko attåt.

Dei 2 neste løp er på Sorperokartet. 25.mai med start ved parkeringa til lysløypa og 1.juni er det start ved Vinstrahallen . Velkommen til alle,...store som små.

( For dei som ventar på Tur-Orientering, så blir ikkje den klar før ca 10.juni)

Samlingsplassen på Tokse 18.mai



FINN-FRAM-DAGEN

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 18. Mai 2016

Fra 2015

Bli trygg i naturen med kart og kompass. For 4.gong arrangerer vi Finn-fram dagen. Det går ut på å finne orienteringsposter som er satt ut i terrenget. ( Det er årets tur-O-kasser som blir brukt ) Det blir ei lett, enkel løype som alle kan klare. Men ikkje fortvil om du føler deg litt usikker. Vi har mange hjelpere på plass som du kan få gode råd av. Om det trengs kan dei følge deg rundt i skogen

Møt opp ved parkeringa ved tidtakerbua i lysløypa og bli med.

Datoen er 29.mai kl 12.00

Det blir servering og premier til alle.

Dei 2 siste åra har 1.og 2.klassingene som møter opp fått årets tur-O-pose. Slik blir det i år også. Desverre er ikkje posene klare enda, men du får dei etterpå

Finn-Fram dagen teller med i poengjakten for trekning av sykkelen til hausten. Så da går oppfordringen til alle som deltok på Gate-O-løpet ( og alle andre ) ......møt opp og få ei koseleg stund i naturen

Velkommen

Ansvarlig for dagen er Marie Underdalshaugen.



Gate-O-løp med kart-tegn stafett

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Mai 2016


10.mai hadde vi 6.og siste gate-O-løpet for i år... I kveld fekk vi kjenne sommervarmen, og kunne ta fram shortsen. Det var herleg. 14 stk deltok . I kveld var det litt gjennomgang av kart-tegn. Dei fekk i oppgave å fokusere på tegna der posten var. Og så avslutta vi med kart-tegn stafett. Lars sørga for traktering i form av frukt.

Totalt så har mange vore innom og smakt på om det er spennande med orientering. På det meste var vi 33 med smått og stort.

Vi har satt opp ein sykkel som uttrekkspremie til dei som deltar minst 10 gonger på dei løpa vi arrangerer ( Gate-O-løp, Finn-Fram dagen og Dølakarusellen ) Totalt 22 løp

Det er 3 stk som har vore med på alle 6 løp, og 5 stk har 4 og 5 løp, og hakk i hæl så har 5 stk 3 løp

Men til alle O-interesserte, ikkje fortvil. Nå går vi over til Dølakarusellen. og her kan du hente mange poeng. Totalt er det 9 løp på våre kart (Vinstra,Sorperoa,Tunebuhaugen,Skårslåhaugen,Lomsetra,Gålå ) Det er alltid enkle løyper tilpassa nybegynnere. Og vi hjelper deg gjerne om det trengs.

Neste løp er 18.mai kl 18.00 på Vinstrakartet. . Det er merka fra E6.



Rapport fra gate-o-løp

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 3. Mai 2016

I kveld, 3.mai arrangerte vi løp oppi øvre Vinstra. Start på leikeplassen i Byrevegen. Det var 20 på startstreken. Per hadde lagt ei fin løype på vel 1 km i byggefeltet rundt leikeplassen. Ingen hadde problem med å finne postane, og ungane hadde tydeleg spart litt energi for leiken gjekk livlig etter løpet

Neste tirsdag , 10. mai, er vi attende i Sorperoa. Da blir det samling på Dokkalykkja. Håper DU kjem.

Minner om at hvis du er med på minst 10 løp, så er du med på trekning av ein sykkel ( Gate-o-løp,Finn-fram-dagen og Dølakarusellen teller ) Dette er for barn t.o.m 16 år.




Gate-O-løp er gøy

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 26. Apr 2016

I kveld var gate-O-løpet flytta til Tokse. Samlingsplass i enden av Nigardsvegen. Heribert hadde lagt ei artig løype i byggefeltet rundt leikeplassen.

32 barn og vaksne stilte opp og fant postane utan problem.

Etterpå var det saft og kaffe og god anledning til å slå av ein prat. Ungane kosa seg med leik og morro på leikeplassen etter løpet. Dette skal i utgangspunktet vera treningsløp med innslag av opplæring og veiledning. Og så er det artig å konkurrere litt...... men det viktige er å finne postane !

Er imponert over retningssansen og evnen til å orientere kartet for alle som er nybegynnere.

Ein rask titt på kartet for å lokalisere 1.post, og dermed er dei ute av syne. Og berre nokre minutt etterpå så stemplar dei inn på målposten. Alle postane er funne og i rett rekkefølge.

Dette er Imponerande.

Neste løp er 3.mai, startplass leikeplassen oppi Byrevegen. Mrk fra E-6.

(P.S: Da har eg bestilt sol og varme )







Kva skjer i Tormod for tida ?

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 22. Apr 2016

Litt info fra O-gruppa.

Sommeraktivitetene er i gang. Gate-O-løp nr 4 er lagt til Toksefeltet tysdag 26.april. Løp nr 5 er i øvre Vinstra den 3.mai. Så avslutter vi 10.mai med samlingsplass på Dokkalykkja . Da har vi totalt hatt 6 løp, og dei som har stilt opp på alle, eller nesten alle løp har kanskje fått litt innføring i orientering.

Dølakarusellen starter allerede 27.april . Les meir i terminlista til høgre her på heimesida.

Vi i O-gruppa håper DU vil delta i Dølakarusellen. Kanskje finn du ut at å ferdes i skog og mark på jakt etter O-poster er så gøy at det gir meirsmak . Er du nybegynner og usikker, så vil du alltid få hjelp og følgje rundt.

Felles avreise frå Vinstrahallen 1 time før start, eller etter avtale.

29.mai arrangeres FINN FRAM DAGEN. Meir info kjem...

I år vil vi trekke ein sykkel blant barn t.o.m 16 år som har deltatt på minst 10 av alle løp vi arrangerer. (Gate-O-løp , Finn-fram dagen og Dølakarusellen --totalt 23) Trekning blir på klubbkvelden til hausten

Ellers er planlegginga av Tur-orienteringen godt i gang. Vi følger samme opplegg som "i alle år". Poster rundt omkring på våre orienteringskart, + mange andre turmål. 55 poster. Nytt i år er 10 stk nær-o-poster som blir lett tilgjengelig for bevegelseshemma. Regner med at det blir lagt ut for salg fyrst i juni.

Ellers var det 12 stk som leverte inn klyppekortet etter Vinter-Orienteringen. Alle får ein liten premie.

Fra fellestur til "ukens post" Auretjønn 2015


Solveig Aasen feira 80-års dagen sin i O-løypa i fjor.



Gate-O-løp

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 5. Apr 2016

Da er vi i gang !! Våren's vakreste eventyr har starta.

Det var ikkje kø ved postane i kveld, men vi er så absolutt i gang. 12 stk, store og små tok seg rundt løypa med og utan sykkel.

Neste tysdag er det ny løype , samlingsplassen er den samme. Vel møtt.



Gate-O-løp og Dølakarusell

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 4. Apr 2016


O-sesongen starter tysdag 5.april med gate-orientering i Sorperoa. Start på Høgmolykkja kl 18. Påmelding fra kl 17.30. Enkel orientering . Kan bruke sykkel. Ingen startkontingent

Det er satt opp totalt 6 løp. ( 4 i Sorperoa, 1 på Tokse og 1 i øvre Vinstra)

Videre har vi Dølakarusellen som er eit samarbeid mellom Tormod og Ringebu/Fåvang.. I år er det planlagt 15 "vanlige" løp og 1 natt-o-løp.

Totalt med gate-o-løp og Dølakarusell skulle det bli 22 løp til sammen.

I år vil det bli ein skikkeleg premie blant dei yngste, (t.o.m 16 år og medlem i Tormod s.l

DELTA PÅ MINST 10 LØP ( gate-o-løp + karusellen) SÅ ER DU MED PÅ TREKNING AV EIN SYKKEL.

Så velkommen til ny O-sesong. Lær å finne fram med kart og kompass. Vi vil alltid ha hjelpere på plass som kan veilede deg.


Bli med på minst 10 løp, så er du med på trekning av denne sykkelen




VINTER-O-POSTER

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 31. Mar 2016


I løpet av helga, 2-3.april blir vinter-O-postane fjerna. Så om du manglar nokre klypp, så må du raske på.

Dei som har klypt alle postane kan levere kortet til Tove , i Høgmovegen 24. Eller legge det i postkassa ved tidtakerbua, der du henta det. Det blir trekt ut ein liten overraskelse blant innleverte kort.

Så håper vi du har hatt mange fine turer. Nå står sommarens aktiviteter for tur.

Gate-O-løp starter 5.april, med samlingsplass ved Høgmolykkja. Påmelding fra 17.30. Start kl 18

Meir program kjem etter kvart.

Fra tur-O-post nr 9. Brøytegjengen i aksjon !



TORMODPRISEN

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 14. Feb 2016

Denne prisen vart oppretta i 1986 og hadde følgjande statuttar:

Tormodprisen kan gå til:

* Personer med gode idear som har ført til auka aktivitet inna laget siste år

* Slitaren, som gjennom fleire år har gjort ein innsats for Tormod skilag, ofte i det skjulte,bak kulissene

*Andre, som på ein eller annan måte har gjort seg fortjent til ein slik pris

Framfor kvart årsmøte blir medlemmar i Tormod skilag oppfordra til å komme med forslag på kandidat til prisen. Forslag skal leverast leiaren i laget - og prisen blir utdelt på årsmøtet. Prisen går til den som får flest stemmer.

Du finn oversikt over alle som har fått prisen her på heimesida, under overskriften "OM OSS" , 27 stk i alt har til nå fått prisen. Enkelte år er det ikkje kome inn forslag, og derfor er ikkje prisen utdelt da.

Årsmøtet er planlagt til 30.mars. Da må vi ha DITT forslag før 15.mars

Oppfordrer alle medlemmer til å komme med forslag. Kven utmerkar seg,-- kven er usynleg slitar,-- kven gjer sitt til at du trivs i Tormod,-- i det heile tatt, sjå deg rundt, tenk deg om og send forslag. Det er mange der ute som fortjener å bli satt pris på.



VINTER-O-POSTER

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 8. Jan 2016

I år som i fjor blir det satt ut 10 stk vinter-O-poster i nærmiljøet. Oppstart 13.januar

Opplegget er gratis, og du kan hente kart og klyppekort i postkasse som heng ved skistadion til lysløypa i Sorperoa

Klypper du alle postane og leverer inn kortet er du med på trekning av "ein overraskelse". Vi gjer det så enkelt at du kan legg klyppekortet i kassa der du henta det ( husk før på navn) Eller levere til undertegnede.

La det bli ein vane å ta ein tur innom desse postane. Ein, eller fleire gonger. Formiddagstur, kveldstur, eller når det måtte passe. Postane ligg stort sett på plasser der vi veit at folk ferdes.

Nå er lyset på det finaste, det oppleves best i grålysninga eller om eftan.......

God trimtur..... Det gjer så godt...... Etterpå

Evt sp.mål til 98658765. Tove Lillebråten

Magisk øyeblikk over Dovrefjell i 23 minus

Øldalen i dag 8.januar. Sola står snart opp

Og så kom sola over åskammen. Gradestokken viser minus 20



GRATULERE MED DAGEN

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 7. Jan 2016

Æresmedlem Svein Solberg fyller 70 år i dag 7. januar. Tormod skilag vil gratulere så masse med dagen !

Svein har vore , og er fortsatt av dei trofaste slitarane i laget. Dei siste åra har han hatt ansvar for turløypa og vi trur han har "ein plan" for videreutvikling av den. Svein er ivrig trimmer både sommer og vinter. Håper du får mange spreke, aktive år framover. Gratulere !!

Svein har 18 gullmerker i Tur-O



Levert av IdrettenOnline