Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

GOD JUL

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 23. Des 2015

Tormod skilag ønskjer alle GOD JUL og GODT NYTT ÅR

Ser ut til at vi må vente på skiføret, nede i bygda iallefall. Da kan vi anbefale å legge trimturen til Teigsetra eller Gapahuken og Hånåhoppet. Stien er trakka




Minneord Harald Wahlquist

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 29. Nov 2015

Harald døde 21.november, 92 år gammal. Harald var æresmedlem og ein Tormodvenn av beste slag. Han var medlem i styret i mange år, og var alltid lett å be når noko skulle gjerast. I dugnadsarbeid var Harald alltid på plass. Rydding av råk, vedlikehald av ymse slag. Ved til badstugu var det Harald som sørga for. Han tok ansvar for å " sjå ette" at alt var på stell .

Han såg det viktige i å halde seg i form. Ivrig deltaker på fellesturane til Trim- /O-gruppa. Og han var alltid fyrst i gang med Tur-orientering om våren. Han oppnådde å få plakett for å ha klart gullkravet 40 gonger. Det er imponerande. Han var også flink til å ta med barnebarna på tur. Han har gjeve dei eit godt forhold til natur og trim vil vi tru. Han var trofast med på herretrimmen. Harald hadde god helse og var sprek og vital til det aller siste. Men den 21.nov sovna han fredeleg inn.

Det var ei fullsatt kyrkje som tok avskjed med Harald fredag 27.november 2015.


Kvil i fred og takk for alt du gjorde for Tormod skilag.

I staden for blomster , ønska familien å gje penger til Tormod skilag. Det sier vi tusen takk for.

Harald med 40 års plakett i tur-orientering i 2013

Haralt i kjent positur. Her blant turvenner på fellestur til Kneppa i 2012



Orienteringsgruppa har avslutta sesongen

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 1. Nov 2015

Det er klart for å gjera opp status. Det er klubbkveld og orienteringssesongen er over.
O-gruppa har aktivisert mange gjennom ein fin og triveleg sesong.
Kan nevne at vi har arrangert ski-orientering , lagt ut 10 vinter O-poster , hatt gate-o-løp, finn-fram dag, 56 tur-o poster, arrangert 10 turer til ukens post, arrangert dølakarusell, totalt 14 løp i samarbeid med Ringebu/Fåvang

I kveld skulle folket få sine utmerkelser.

Det vart delt ut medaljer for klubbmesterskap.

Klubbmestere i yngste klasser vart Even Skard Flækøy og Ådne Skard Flækøy
Kort løype kvinner: 1. Tove Lillebråten. 2.Ingrid Haugen. 3. Åse Nybakken

Lang løype kvinner: Under 50: 1. Marie Underdalshaugen. Over 50: 1. Tone Slåen
Lang løype menn: 1. Ole Flækøy. 2. Per Aasen

For Dølakarusellen blir det trekt 3 gavekort a 1000.- blant dei som har deltatt halvparten av oppsatte løp . Vinner vart: Aina Rolstad, Ole Flækøy og Per Aasen

For tur-orientering var det levert inn 72 klyppekort. Det er samme antall som i 2014. Alle får diplom, og alle som har klart kravet til gull-,sølv- eller bronsemerke 1.gong får utdelt det. Har du klart krav til gull 5 gonger får du plakett i bronse. Etter 10 gonger er det plakett i sølv. Og 15. gonger er det plakett i gull.. Videre er det plaketter for 20-25-30-35 osv.

I kveld fekk Solvor Eide 25 års plakett. Reidun Solberg fekk plakett i gull ( 15 gullmerker) Ola Gjerdingen fekk plakett i bronse (5 gullmerker)

Det var trekt gavekort blant tur-orientererne og vinnere vart: Anna Tarud (500 kr), Østen Fagervold (500 ),Astrid Sjåstad (250 ), Ingrid Nybakken (250), Marcus Myromslien ( 250 ) og Ingrid Grønning ( 250 ) I tillegg vart det trekt litt ekstrapremier blant dei yngste.

Vi avslutta kvelden med kaffe/ saft og kaker.
Tusen takk til alle som har stilt opp og hjelpt til. Ingen nevnt, ingen glemt......

Ikkje alle veit at dei sit som heldig vinner av gavekort. Kjekt med ein overraskelse Hvis du veit at du har levert klyppekort, ta gjerne kontakt, så skal du få diplom mm.

Stolte klubbmestere med medalje rundt halsen

Sofie,Line og Solveig er eksempel på at orientering er for alle aldre

Solvor med 25 års plaketten




Klubbkveld O-gruppa

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 30. Okt 2015

Minner om klubbkveld for O-gruppa.
Søndag 1.nov. kl 18. På Barhaug skule. Lærarrommet.
Det blir som før annonsert utdeling av medaljer og utmerkelser fra årets aktiviteter i orientering.
Alle som har levert inn klyppekortet for tur-O får diplom og er med på trekning av gavekort. Og ellers blir det utdeling av merker og plaketter og medlajer for Dølakarusellen.
Og så må vi ha kaffe/saft og litt attåt.
Velkommen

Solveig Aasen som kretsmester i 2014


Fra ein fellestur til "Ukens post" . Auretjønn


Haust


O-sesongen er over

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 30. Sep 2015

Tur-O kassene er henta inn att. Ein aktiv sesong er over. Nå står det att og gjera opp status.
Oppfordrer ALLE som har klyppekort til å levere dei inn, seinast 15.oktober.
ALLE, uansett poeng er med på trekning av 2 stk gavekort a kr 500.- + egen trekning blant barn Ekstrapremie til alle som har klypt alle postane.

Det blir klubbkveld søndag 1.nov kl 18 i Barhaug. Utdeling av medaljer, diplomer , Trekning av gavekort både fra Dølakarusellen og Tur-O. Kaffe og biteti.

Så vidt eg har sett så langt, har det vore ein aktiv sesong. Mange har kjøpt Tur-O opplegget. Mange har deltatt ivrig på O-løp.

Har sjeldan sett så fine haustfarger som på turen for å ta ned kasser. Balsam fos sjela det.....



Ved dropp-plass Gunnar Gålå





HERRETRIM

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 22. Sep 2015

Velkommen til herretrim. Oppstart 5.oktober.

Dette er eit opplegg for den som vil behalde spenst , styrke og fart i kroppen. Og kven vil ikkje det !!
Så da blir vår oppfordring til alle menn , kom deg opp av sofaen og bli med denne glade gjengen på
trim i Barhaug kvar mandag og torsdag kl 19 - 20.

Så vidt vi har observert er treningen variert. Oppvarming, sirkeltrening mm
Og avsluttes med ein frisk kamp innebandy.

Påmelding ved frammøte


Bildet er fra des.2014. Klare til kamp


FURUSJØEN RUNDT 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 6. Sep 2015

Naboklubben vår, Kvam IL har ei perle oppå Kvamsfjellet. Og Furusjøen rundt vil nok vekse seg større med åra.
Gledeleg å sjå at mange stiller opp. Tormod skilag var godt representert. Og Frisk i Fron hadde ca 20 stk på start, alle kledd rosa vest. Kjempebra med slik fellesskap, og å ha eit felles mål. Lover bra for framtida det !
Det var god løpstemperatur, men litt vind innimellom. Løypelengder: Den lengste løypa var 17.8. Mosjon var 8.2. For dei yngste var Snipp 0.5 km, Snapp 0.7, og 1 km og 2 km
For fullstendig resultatliste gå inn på heimesida til Kvam IL
Takk for fint arrangement.
Nå håper vi at mange som var her, vil møte opp på Hånahoppløpet om 14.dager

Her er nokre bilder, knipsa litt her og der.


Starten er nettop gått for 2 km


G 12. 2 km Andreas og Sander på pallen .


Mor og sønn i fint driv ( Jakob og Unni Aspeslåen) I rosa, Unni Fjerdingren



Kenneth snart i mål. Her går det unna



Dei yngste i aksjon i SNUTE- løypa


J11. 1 km. Eline sikra seg 1.plassen



J13. 2 km. Synne på pallen i år som i fjor


Og veteranene Reidun og Tove like etter start. Ser rimeleg spreke ut enda.
Desse to oppfordrer alle trimmere til å gje seg med neste år.




INNSPURT TUR-O

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 1. Sep 2015

Obs. Vi har nå starta på september månad. Det er nok alle klar over.
Vil derfor berre minne om at O-postane snart skal ned att.

Så til alle som mangler nokre klypp, så må det gjerast ein skikkeleg innsats dei siste dagane.
Alle postar må vera nede att til 15.sept. Men vi startar nok arbeidet i helga 12-13. sept
Håper du har hatt mange fine turer i skog og mark, på topper og tinder.

Ønskjer attendemelding på årets tur-O. Var det for lett ?, for vanskeleg?,
Har du ein yndlingsplass du vil vi skal besøkje til neste år, så si fra.
Treng også tips om kulturminneplasser.
Og bilder frå turane dine står høgt på ønskjelista ( nokre er flinke til å sende bilder )

Minner også om at ALLE som leverer inn kortet seinast 15 oktober vil få utdelt diplom/ merke på klubbkveld. Det blir også trekt to gavekort a kr 500.-. Alle- uansett poengsum- er med på trekninga.
Under nokre bilder fra årets turer:



Mie har sikra seg gullmerke


Mie og Brage på Skjedalsgråhø



Full fart mot post 5



Ved post 50. Regn ingen hindring



Postplukk på Lomsetra, Fin utsikt mot Heidalsmuen.




GRATULERE MED DAGEN

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 26. Aug 2015

O-løperne hyller Solveig Aasen som fyller 80 år i dag, 26.august.
Ho starta feiringa med O-løp i Ringebu, på Strussberg, i kveld.
Etter løpet hadde vi kaffe,kaker, og sang til den spreke jubilant. Og flagget vaia ved innkomsten.

Solveig har alltid kompassnåla og kursen rett på "neste post". Ho gjev aldri opp. Fleire av kveldens løpere har bomma, slitt med å finne poster, ja rett og slett så ga enkelte opp.
Men ikkje Solveig. Ho fullfører alltid med stil.
Hennes aktivitetsnivå er det ikkje mange som kan måle seg med. Ho har allerede klypt alle postane på turorienteringen til Tormod, Ringebu og snart ferdig med Skåbu. I tillegg til Dølakarusellen, som har 14 løp, stiller ho opp på KM og Veteranmesterskap , pluss at ho går turer så snart ho har anledning.
Tør påsta at Solveig er den i klubben som er mest aktiv for tida.

Vi gratulerer så masse med dagen, og ønskjer lykke til i alle framtidige O-løp


Gratulere med dagen !!



Solveig sjekker at Jon Birger og Per har funne alle postane



Solveig "i farta". Her på Skårslåhaugen



Solveig er alltid interessert i korleis det går med andre. Her sjekkes løypevalget til Trond (19.aug)


Rapport "Ukens post" 22.aug

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 22. Aug 2015

Dette var årets siste fellestur. Turmål var Gnedden og post 52.
Ingrid Haugen er oppvokst i dette området, er lommekjent , og var den perfekte turleder.

Dette var virkeleg ein suveren dag . Du får ikkje bedre turvær enn det vi hadde i dag. Heilt PERFEKT !! Og for ei utsikt ..... Ein kan bli mållaus av mindre..
13 stk valgte å bruke laurdagen til turgåing, og det var det ingen som angra på
Vi kjørte til Varphaugen. Videre til Holsetra og fra der på godt merka sti. Fyrst gjennom skogen til vi kom på snaufjellet og utsikta åpenbara seg.
Kvitmåsårabber så langt auga rakk, små fjellvatn, seterhus her og der, raude og gule molter stod og lyste på myrene, og utsikt rett mot Rondane.

(Aasmund Olavsson Vinje hadde så rett når han sa:" Nå ser eg atter slike fjell og dalar.....osv... )
Det må vera lov å bli litt poetisk på ein slik tur.....

Dette er ein lett tur, men siste biten opp fra setra til Søre Eide er ganske bratt og her får vi opp pulsen. Men plutseleg er vi på toppen og målet er nådd og vi kan klyppe post 52.

Og nå fekk vi oss ei god pause med kaffe og niste, tid til å ta bilder og nyte utsikten.
Og som tradisjon trekker vi gavekort kr 500.- blant alle som har deltatt på fellesturane gjennom sommaren. Vinnar vart Gitte Bertelsen.
Det var trekt 2 turkopper også som ekstrapremie.
Heldige vinnere vart Åse Sæther og Wenche S Sletten.
Etter ei lang og god pause var det tid for returen. Vi fulgte samme sti attende. Turen tok ca 2 timer kvar veg .
Tusen takk for at DU vart med !.


Vi må stoppe og nyte utsikta. Rondane i lett varmedis


Gnedden i sikte



Rast på toppen av Gnedden 1111 moh



Åse og Wenche , trofaste deltakere på fellesturane. Heldige vinnere av turkopp



Rett under Gnedden ligg setra til Søre Eide. Vi puster ut etter nedstigningen






Tormod skilag fyller 110 år i dag.

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 13. Aug 2015

Tormod skilag vart stifta 13.august 1905 og fekk navn etter Tormod Kolbrunarskald. Han var skald og idrettsmann hos Olav den heilage.

Det var storstilt jubileumsfeiring når Tormod feira 100 år. Denne gongen er jubilanten "reist bort" på dagen, så det blir ikkje feiring av dei 110.
Men jubilanten helsar til alle som finn glede i å delta på aktivitetane som blir bydd fram både sommar og vinter.

( Tormod har ei fyldig historie som du kan lesa meir om i dei 2 bøkene som er skrivi om laget)



Bilde av fana til Tormod- avbilda på permen til jubileumsboka til 100 års feiringa


GRATULERE MED DAGEN !


Rapport fra "ukens post" 11.august

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Aug 2015

Turen i kveld var til Vardfjell og postplukk. 5 poster er satt ut her, og vi valgte å gå heile runda.
Gjekk på brei sti til post 13. Gjekk litt videre på stien og tok neste sti til venstre. ( Den er desverre ikkje merka på kartet). Gjekk i kanten av stor myr til post 17 som låg på eit lite høgdepunkt.
Fulgte så myra til enden og videre på sti til post 16. Videre valgte vi å finne "den breie " stien som går opp på fjellet, og fulgte den oppover for å komme oss ut av skogen. Så var det å stille inn kompssnåla mot vasspytten og post 15. Litt tett skog dit, men vi fann fram.....
Så stod det att eit langt strekk til post 14. Vi diskuterte to vegvalg. Gå ned på stien og følge den. Eller følge myrkanten og gå på rabber og i litt kratt. Vi valgte det siste, og posten fant vi , like ved Kyrkjesteinane ( lært av lokalkjente)
Da hadde vi klypt alle postane og gjekk strake vegen til gapahuken, der vi hadde ei god kaffepause før vi returnerte til bilane.
Du kan sjølsagt ta postane i ei anna rekkefølgje. Det er valgfritt
9 stk deltok på årets siste tysdagstur. Takk for følgje

Neste tur ( årets siste) til Gnedden er laurdag 22.august. Avreise kl 11 fra Vinstrahallen


Post 15. Vannfylt grop



På veg mot post 15.



Utsikt mot Gålåområdet



Feforkampen bada seg i fin kveldssol



Kafferast høyrer med. Takk for turen .


Mmmmm





Rapport fra fellestur til ukens post

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 5. Aug 2015

Værmelding og trussel om kraftig nedbør fra kl 18-20 hindra ikkje 10 turglade damer i å ta turen til Storvatnet og ukens historisk post den 4.august.

I Fiskdalen vart vi møtt av kjentmann Ole Solberg, og fra der var det ca 3 km å gå inn til den historiske plassen "Tostaurbua".
Fra denne plassen foregjekk motstandsarbeid /meldetjeneste under krigen. Dette er ei lang og interessang historie som du kan lesa meir om i historiebøkene. ( Fronsbygdin )
Men stutt fortalt,...så var det oppretta ei spesiell forsyningsteneste over grensa til Sverige. Desse gruppene gjekk under kodenavnet " Achilles" som Sverre Brenden var leiar for. Populært vart gruppene kalla "kamelane"
Litt lenger nord-aust , oppi Røyskattlia fekk Sverre laga ein solid kåk med køyer og felomn for matlaging. Her var det Sverre og ein kamerat heldt seg skjult i perioder.

Vår vandring gjekk til restene av denne plassen, der posten er plassert. Desverre er det ingen ting bevart her, det er berre ei grop som vitner om at her har det budd folk under krigens harde dager.

Vi valgte å fortsetja opp lia og inn på Flakkråket. Videre framover mot sætra til Ole der vi hadde ein liten kaffestopp og kvittering i deltakerboka.

Og regnet ?? Nei det var ikkje så ille, berre litt dusking,... og vi var kledd til å tåle det. .....


Ved Tostaurbua. Meldeplassen ( legg merke til to staurer som er oppreist på veggen i hop med minnetavla)



Her er post 50, Vi bevilger oss ein stopp og litt i livet, samtidig som vi reflekterer over denne historiske plassen.



PROGRAM for AUGUST

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 3. Aug 2015

Vi har nettop starta på august mnd. Mange er ferdig med ferien og ungane er snart klare for skulestart.
For Tormod skilag , orienteringsgruppa, står det att ein del aktivitet som vi håper du kan gje deg med på. Kan nevne:

4. august: Fellestur til "ukens post". Milorgbua ved Storvatnet. Det ligg ei sterk historie bak ein slik plass, og for at ikkje dette skal gå i gløymeboka, er det verdt å ta turen hit.
11.august: Fellestur til Vardfjell og postplukk der.
22.august ( laurdag) siste fellestur. Gnedden er målet. Avreise fra Vinstrahallen kl 11.

12 .august: O-løp på Gålå. Vi starter opp att etter ferien med løp på Gålå. Det er veldig fint terreng på Gålå, og Per har lagt løypa og er klar for å ta imot oss. Det er løyper for alle nivå, og vi lover hjelp og veiledniing om du treng det.
19.aug.: Løp på Skårslåhaugen
26.aug.: Løp på Strussberg, Ringebu
2.sept.: Løp på Tunebuhaugen
14.okt.: Sesongen avsluttes med natt-O-løp i Sorperoa

Tur-orienteringa går sin gang. Har ikkje full oversikt over salget enda, men det er signal på at mange går tur-orientering også i år. Det er bra.
Berre minner om at postane står ute til 10.september. Så det er enda att over 1 mnd om du mangler poster. Fortsatt god postjakt.


Post 42 på Gålå


Frå fellesturen til Auretjønn



2 spreke jenter fra o-løpet 27.mai


Rapport fra Ukens post(er)

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 22. Jul 2015

Rapport fra fellestur til Tunebuhaugen 14.juli og Gålå 21.juli.

Turleder Svein Solberg kan fortelja at turen til Tunebuhaugen samla 9 stk. Desse trossa værmelding om mulig tordenvær. Det ble en avslappende fin tur , vindstille og varmt vær, uten torden. Men da vi hadde pakka termosene i sekken etter kaffepausen, kom det litt "duskregn".
Både terrenget og orienteringsvanskene var lette, da det i grunnen var meint som ein tur som også dei små kunne mestre.
Postene ble utlagt 15.mai, da var terrenget enda flatare og i alle fall stort sett kvitt.



Tunebuhaugen: Kaffe og niste høyrer med etter postplukken. ( Foto: Bjørg)

Turen til Gålå samla 8 stk.
Turleder Vidar Lillebråten kan fortelja om ein fin tur i fint vær. Bil til Svintjønn og fra der klypping av postane 34-38. Lengste turen var opp på Skjerhaldkampen.
Var også innom "Dropp-plass Gunnar". Historisk plass fra Krigens dager.
Etter turen var det samling ved Svintjønn, med kaffe og niste. Været var heilt topp (tatt i betraktning at det regna heile dagen fram til ca kl 18 )


Fra Gålåturen. ( Foto: Janne)




Heidalsviku inkl Myggklasken + Raphamnløpet

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 16. Jul 2015

O-gruppene i Midtdalen er ikkje store, men gjennom "stå-på-vilje" og samarbeid klarer vi å få folk til å komme på våre arrangement, og dermed skape aktivitet for mange.

Vi har lagt bak oss Heidalsviku ( 13-16.juli), der Myggklasken er løp nr.2 av totalt 4 løp . Myggklasken inngår i Dølakarusellen, og er dermed Tormod sitt ansvar. I år hadde vi 118 på start ved Melingen/Flatningen ( Kart: Bøneslia)
Det var oppholdsvær og blide løpere som kom med berre positive attendemeldinger på terreng og arrangement. Da blir vi stolte !!
Tormod må takke Hans Werp fra Viul OK for masse hjelp og støtte. Det var han som i 1982 var med på synfaring på Bøneslikartet, og som nå har digitalisert deler av det, og som tegner inn løypene for oss. Da er det vår oppgave å plassere postane på rett plass. Han hjelper oss med påmelding og tidtakning under løpet.

Dei 3 andre løpa er i Heidal :
13.juli: Kart: Brurusten (utsnitt fra Rindhovda). Fantastisk kvitmåsåterreng langs med Sjoa.
14.juli: Myggklasken Kart: Bøneslia( omtale over)
15.juli: Kart: Høgste Flye. / Bårdløkkensetra, Kvernbru . Nydeleg terreng med utsikt mot Jotunheimen, Rondane og Heidalsmuen. Beskrivelse fra løpere er " spektakulær opplevelse":
16.juli: Kart: Høgste Flye. Samme samlingsplass som over , men anna utsnitt av kartet. Terreng: vakker,gammel furuskog. Det er sagt av Leif A. Hultgren, at "dette er VM terreng om VM nokon gong skulle bli arrangert i Gudbrandsdalen.

I tillegg var Raphamnløpet v/Jon Vegard Lunde arrangert den 12.juli
Terreng: Spennande og detaljert over og under tregrensa

Alle løp har samla ca 100 løpere.
Alle løp byggjer på prinsippet om " å gjera det enkelt"
Det er 3-4 løypelengder, inndelt i Herre/Dameklasse.
Påmelding ved start. Og brikkeavlesning i mål.
Premier til alle t.o.m 16 år
Hans Werp har eit lite stillegåande aggregat så da har vi strøm til PC ute i skogen også.
Resultatet blir lagt inn i Eventor. ( Er du interessert så sjekk der )

Det er deltakere fra både inn og utland, proffe og amatører om kvarandre.
Det er lite ny-rekruttering å sjå , men det får vi skrive om ein anna gong.....

Tormod hadde ein trofast gjeng som stilte opp på alle løp



Kvitmåsåterreng på Leirflaten / Brurusten



Her skimter vi Ingrid på siste post på Brurusten



Samlingsplass Myggklasken



Post v/stein . Melingen



Solveig mot mål på Kvernbru 16.juli



Solvor stempler på mål. / Kvernbru 16.juli



6 godt påkledde Tormodløpere . Regn og + 4 grader på Kvernbru var litt "hustre"





Rapport frå "Ukens post" 7.juli

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 8. Jul 2015

Post 53 var turmål 7.juli. Godt bevart kulturminne. 2 dyregraver tett i hop med ledegjerde. Sol og varme er bytta ut med lågt skydekke og skoddedotter som trussel rundt oss. Temp var +8 og vindstille. Ypperleg turvær
Posten ligg på stien litt nord for Fjelltjønn, er lett synleg i steinura.

Vi var 14 stk som deltok. Vi valgte å gå fra Krøkla. Kan også gå fra Gravdalen og Avstjønn (litt lenger)
Vi var spente på om skodda ville ødelegge for oss, men den prøvde berre å skremme oss, og heldt seg på avstand.
Dagens undervisning: Skulle du kommme ut for tåke er det lurt å ha tatt ut kompasskurs, slik at det ikkje blir tvil om vegvalg på returen . Det er lurt å trene på dette i klarvær.
Takk for følgje.
Neste tur er postplukk på Tunebuhaugen





Fjelltjønn i sikte


Skodda prøvde å skremme oss


Post 53


Rapport fra fellestur på Skårslåhaugen

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 6. Jul 2015

Åse og Ole Kristian Nybakken var turledere til Skårslåhaugen og klypping av "ukens post"

Dei har følgende rapport:

" 13 personer møtte opp i fint vær med utgangspunkt fra "Fjellstad", øverst i Sødorp.
Alle var med til postene i rekkefølge 33, 32, 31 og 28. Turen var på 2.8 km og ble gjennomført på svært kort tid. En GPS avslørte gangtid, gjennomsnittlig fart, maksfart mm, og dette var gjenstand for en uformell gjettekonkurranse ved kaffen etter gjenomført runde. Underveis hadde vi noen stopp for å orientere oss på kartet. Nesten alle hadde egne kart og hadde forslag til veivalg underveis. Deltakerne skrev sine navn i boka og det ble reklamert for turen neste tirsdag til dyregravene ved Fjelltjønn. Turen dit er lett og kan anbefales "

Fekk desverre ikkje lasta opp tilsendt bilde, så bildet under er fra turen på Skårslåhaugen i 2014






Dølakarusellen

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 26. Jun 2015

Løp nr 8 er unnagjort. Tormod skilag var arrangør. Løpet var på Lomseterkartet og gjekk i flott terreng i området mellom Abbortjønnin og Langvatnet. Det var lagt 3 løyper og 18 personer deltok. Aina og Tone skal få ros for å ha lagt ei veldig fin løype, og terrenget her er berre ein drøm for ein O-løper.

Nå tar Dølakarusellen ei lita pause. Neste løp er Raphamn 12.juli og Heidalsviku 13-16.juli der Myggklasken er løp nr 2 av totalt 4 løp.
Så folkens, benytt ferien til å bli bedre i dette området. Det var over 100 deltakere på kvart av løpa i fjor, og det håper vi på i år også. ( Tormod er arrangør på Myggklasken) Ikkje bli skremt av ordet:; det er ikkje så mykjy mygg der.......


Bildet er fra løpet på Lomsetra 10.juni -15


St.Hans feiring på Baukholshaugen

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 23. Jun 2015

10 stk valgte å feire St.Hans med fellestur til "Ukens post". Vi kjørte opp Baukholsgrenda, tok av til høgre etter å ha passert eit jorde ( sjå kart Vinstra) Kjørte til parkering og gjekk så BRATT stigning opp på haugen der vi klypte post 54.
Fra her er det ei veldig fin utsikt , og vi slo oss ned i lyngen og kosa oss vel og lenge med mat, kaffe og Solvor's medbrakte boller.

Solvor hadde laga tippekonkurranse om masta på Baukholshaugen. Vi lærte at 1.gongen det var plassert lys her var i 1996, og ideen var Reidar Stangenes sin. Mengde lys 1.gong var 333, og høgde på masta er 60 meter.

Videre fann vi masse fjør, og vi lurte fælt på kva for fugl som hadde så fin pryd. Ved å henvende seg til fugleeksperten Svein Bekkum fekk vi raskt svar at dette var "halefjær av røy". Ja, så lærte vi ein god del på denne turen, det er bra.......
Takk for turen .
Neste gong går fellesturen til Skårslåhaugen og postplukk.



Litt tåkedis, men veldig fin utsikt nordover



Rast i lyngen



Uggh,uggh, her er det indianer !!







6 poster på Sorperokartet

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 22. Jun 2015

Må ikkje bli skremt av innlegget om poster som har havna innafor sperra område.
Turen i Sorperoa kan absolutt anbefales. Den er lett og passer for familier med små barn. Start på parkeringa ved lysløypa. Det er valgfritt om du tek post 1 eller 6 først. Uansett får du ei triveleg runde. Og hvis du legg turen nedom Eidesand for ein dukkert så blir det heilt perfekt. Eller berre leike litt i sanden.
For små bein er denne runda "enorm", trea er "kjempehøge" og steinane er reine "fjell". Husk drikke /niste, turen kan bli lang.......

God tur

Post 4 hekk så fint i barnehøgde



Post 1 låg ved eit kjempestort fjell


O-poster på Sorperokartet i forbudt område !

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 19. Jun 2015

Postane var utsatt før anleggsdriften starta, men nå viser det seg at post 5 og 6 har havna innafor avsperra område.
Vi må respektere sperringa og kan ikkje utsetja turgåere for faren det er å måtte krysse gjerdene, så derfor er desse postane flytta litt.
Håper ikkje det byr på problem.


Post 5 har havna innafor sperringa. Flyttes ( sjå neste bilde)


Post 5 er plassert på lysstolpen på andre sida av der den opprinneleg var


Post 6 som skulle ligge ved kumlokk ( innafor sperring) er også fløtta på andre sida av vegen


Rapport fra fellestur til "Ukens post" 16.juni

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 16. Jun 2015

10 stk stilte opp på turen til Auretjønn.
Dette er ei perle som ligg mellom Gålå og Fagerlivegen. Vi parkerte i krysset Gålå/Fefor og gjekk Sandslivegen innover ca 1 km før vi tok til høgre inn på brei sti/veg innover til tjønna som viste seg fra ei heilt magisk side i kveld.
Sola var i ferd med å gå ned , vatnet var blikk stille og småfisken hoppa livlig ( enkelte meinte den var stooor )
Vi rasta der vel og lenge før vi returnerte videre over bekken og fulgte skiløypetraseen til Fagerlivegen, slik at det vart ein rundtur.
Turen kan absolutt anbefales som sykkeltur.

Takk for turen


Lang god rast !



Der var post 56


Obs ! Feil kode tur-o post 51

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 15. Jun 2015

Har du kjøpt årets tur-o pose må du vera obs...

Det har desverre "lurt seg inn " feil referansekode på post 51.
Det står Gråhø Skjedalen. Kart: Vinstra ref.kode: 348-316

Dette må rettes til : Kart: Skåbu ref.kode: 254-348.

Og post 50 ligg ved Storvatnet ( Ikkje Langvatnet som det står)




UKENS POST

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 14. Jun 2015

Velkommen til fellestur til ukens O-post. 2015
Dette opplegget starta for mange år sidan, da heitte det "setertrim". Så har vi døypt det om til "ukens post".
Men uansett navn ,så er opplegget det samme.
Gjennom sommaren blir det kvar tysdag fellestur til ein tur-o post. Evt så kan ein klyppe fleire på samme turen
Så avsluttar vi med samling der vi et kveldsmaten vår før vi reiser heim.
Det vil alltid vera ein ansvarleg turleder / kjentmann for kvar tur

Desse turane passar for alle, og er ein fin måte å gjera seg kjent i nærområdene på . I tillegg er det trygt å gå saman med andre.
Så møt opp for felles avreise fra Vinstrahallen kl 18.
Husk ta med klyppekortet.

Program
16.juni: Kart: Vinstra: Turmål : Auretjønn : Turleder: Tove Lillebråten
23.juni Kart: Vinstra: Turmål : Baukholshaugen. Turleder: Solvor Eide
30.juni: Kart: Skårslåhaugen, finne poster, Turleder: Åse og Ole Kristian Nybakken

7.juli : Kart: Vinstra Turmål: Dyregrav ved Fjelltjønn . Turleder: Roar Letrud
14.juli: Kart: Tunebuhaugen, finne poster. Turleder: Svein Solberg
21.juli: Kart: Gålå, finne poster, Turleder: Vidar Lillebråten/ Aina Rolstad
28.juli: Kart: Gamle sæterråk: Geithaugen. Turleder: Margrete Myhre
4.aug: Kart: Vinstra: Turmål: Milorg ved Storvatnet. Turleder: Ole Solberg
11.aug:Kart: Vardfjell, finne poster. Turleder: Eva Bekkum
22.aug: Kart: Vinstra/Rondane: Turmål: Gnedden. Turleder: Ingrid Haugen

På siste turen , den 22.aug, er det avreise kl 11. Denne turen vil markere avslutning på årets fellesturer.


1.turmål er Auretjønn den 16.juni



Fra Tunebuhaugen 2014



Avslutningstur i 2013. På Sikkildalshornet



Tur-orienteringen er klar

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 9. Jun 2015

Årets tur-o poser er lagt ut for salg på Statoil Vinstra , G-sport Vinstra og Flækøy synssenter.
Så da er det berre å stille inn kompasset og leggje ut på leiting etter poster.
Håper du finn mange turer som fell i smak.

Vent litt med tur til post 50 , 51 , 53 og 55. Dei er ikkje på plass før ca 15.juni
Medan turen til Gnedden og post 52 ikkje er på plass før ca 25.juni

Merk at det er 10 fellesturer på tysdager, Den fyrste går til Auretjønn 16.juni



Posen har fått ny design



Post 56 ved Auretjønn.


Kretsmester orientering

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 8. Jun 2015

Gratulere til Solveig Aasen som vart kretsmester på Gjøvk 6.juni. Solveig er ein sprek, aktiv pensjonist som stiller opp på alle løp i Dølakarusellen og nå også på KM. Bra at klubben blir så sterkt representert.
Ser på lista at Per også stilte opp. Han vart nr.2 i klassa si, dvs sølv, men i den klassa var det ikkje kåring av kretsmester. Godt gjort lell, og gratulere til begge to



Solveig ved målposten.


Resultater Dølakarusell 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 4. Jun 2015

Her finner du resultatene for årets Dølakarusell




FINN FRAM DAGEN 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 31. Mai 2015

Strålande dag i Sorperoa når 41 barn og 17 vaksne var samla til årets Finn Fram Dag 31.mai.
Dagen skulle også markere starten på årets Tur-O , men desverre er ikkje Tur-O posen klar for salg enda.
Men Sorperokartet er klart , så da fekk alle gå den runda og leite fram dei 6 postane som er uthengt.
Mange er erfarne postfinnere, og finn fram utan hjelp. Men vi hadde mange hjelpere i beredskap for å gje gode råd før start. Om nødvendig var dei også med rundt i løypa.

Dagen var utruleg vellykka. Været var på "vår" side. Folk kosa seg med postklypp, og etterpå nokre oppgaver som skulle løyses. "Finn 5 feil" er populært. I tillegg fekk alle litt testing av sin lokalkunnskap
( Ikkje alle visste at Nord-Fron sitt høgaste fjell er Heimdalshø. Og at Dokkalykkja i gamle dager var Tormod sin fotballbane. Fotball var hovedaktiviteten til Tormod den gong. Og også turning står det i den gamle Tormodboka)

Og sjølsagt var det traktering. Pølser, frukt, kaker, saft og kaffe stod på menyen.
Og til slutt premieutdeling til alle barna. Premien i år var eit kompass, og "sertifikat" som bevis på at du fant fram.
I tillegg skal 1.og 2.klasse få årets Tur-O-pose når den blir klar.

Takk til alle som møtte og skapte fin ramme og stemning på Finn-Fram-Dagen.
Og takk til alle hjelpere. !!!

Marie og Tove



Alle har fått kompass og bevis på at dei kan finne fram....



Full konsentrasjon med kart-tegn



Godt å slappe av etter postplukken



Ein av 5 feil var ganske så klar......



Og til slutt trekte Ulrik gavekort for vinter-O-postane. Vinner vart Åse Sæther.








Tur-orientering 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 30. Mai 2015

På grunn av sein snøsmelting blir startdato for Tur-O utsatt, i fyrste omgang 1 veke.
Var opprinneleg planlagt til 1.juni.
Mange poster er plassert, men vi venter til posen er komplett. Vi kan friste med mange fine turmål.
Kan nevne at fyrste fellesturen til ukens post blir Auretjønn. Dato 16.juni. Gled deg til den, dette er litt av ei perle
Men ha litt tålmod, meir info etter kvart......



ved Auretjønn



Denne, sat berre 1 m fra oss. ( Raudskjor / Lavskrike )



Slik var det etter Baukholstulvegen 27.mai



Ikkje lett å plassere poster her.



O-løpet Dølakarusellen er godt i gang

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 27. Mai 2015



Tone,Marie og Aina etter løpet på Frya

O-folket har stilt inn kompasset, og er godt i gang med årets utfordring--- å finne postane,---og kanskje slå ein arg konkurrent.

I dag 27.mai gjekk løp nr 4 av stabelen, på Sorperokartet.

Fra før har vi vore på Kjønnås, Ringebu. Det var 6.mai.Der var det forresten stor deltaking fra Folkehøgskulen, totalt ca 30 stk, i tillegg 30 andre. Det er morro å delta når det myldrer av folk i skogen.

Den 13.mai var det løp på Vinstrakartet. 25 løpere stilte opp. Heribert hadde lagt ei fin, men utfordrande løype. Terrenget er nå ein gong slik på Tokse at det er bratt nedover , og enda brattare oppover. Bra for blodpumpa det !!!

3.løpet var på Frya. Ringebu/Fåvang v/ Ragnhild og Bjørn Haugen som arrangør 29 stk på start. Dette løpet var klubbmesterskap for Tormod. Vi gjer det alltid slik at klubbm. blir arrangert av ein anna klubb. Bjørn silte med heilt nytt kart. "Frya-Øvre Arsenal. Målestokk 1:5000. Ekv 2 m. Uvant målestokk, men utruleg spennande område. Masse groper, høgdepunkt, stier og små hus ( gamle ammunisjonslager)Her var det om å gjera å vera skjerpa heile tida, og følgje godt med.

I kveld 27.mai var det Tormod sin tur til å arrangere. På Sorperokartet er det skjedd mange endringer og det blir ei stor utfordring å legge løyper. Men Trond hadde klart å få til ei spennande løype. Fra Eidesand og opp til Dokkalykkja og gapahuken, med mål på Barhaug
Vi fekk oss ei overrasking på turen.... Det er starta gravearbeid for fotballbana, og før vi visste ordet av det stod vi midt i anleggsområdet...med dumpere på alle kanter.... Det var ikkje så lurt !!!. Området er merka "Adgang forbudt" ned mot Eide !! Men du veit ein orienterer ser ikkje det når han kjem frå andre kanten........

Så det må bli ein obs obs til alle turgåere i området. Hald GOD avstand til anleggsområdet !



Samlingsplass Frya



Selma og Line etter løpet 27.mai



Per oppdager at han mangler 1 post. Han prøver å protestere !!

Resultat blir lagt ut på heimesida om litt.... Men til så lenge finn du dei på EVENTOR




FINN FRAM DAGEN 31.mai

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 24. Mai 2015

Bli trygg i naturen med kart og kompass.
31.mai fra kl 12. Samlingsplass : Startbua i lysløypa.

Program:
1. Det blir lagt opp ei enkel orienteringsløype ( postene er dei samme som for årets tur-O)
2. Alle som fullfører får "Finn-fram- sertifikat"
3. Det blir servering av saft/kaffe og grilling av pølser.
4. Premier til alle
Obs. Alle som deltok på gate-o-løp blir premiert i dag.
5. Kanskje får vi tid til ein "KART-TEGN" stafett også
6. Det blir lagt " ei vanleg" O-løype også, for dei som vil springe ein tur med brikke.
7. Finn-5-feil.
8. Og som i fjor vil 1. og 2. klasse få årets Tur-O-pose.
9. Vi trekker gavekort for årets Vinter-O-poster

Maskoten til Finn-Fram- dagen heiter Trygve Trygg. Han er symbolet på at det skal vera trygt å ferdes i skog og mark.
Vi har mange hjelpere som Trygve T på plass som vil vera med og hjelpe og veilede deg. Evt følge deg rundt i skogen.

Velkommen til store og små



Fra ein solfin Finn-fram-dag i 2014





Terrengløp

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 20. Mai 2015

Da er det klart for årets terrengløp. Tysdag 26. mai går 1.løpet. Det er samlingsplass på Høgmolykkja. Påmelding frå kl 17.30. og start kl 18.00
Opplegget blir "som før". Løpet går på merka sti rundt i Knutmorka. Og det vil vera hengt ut nokre Orienteringsposter som det gjeld å få auge på.
Etter løpet blir det saft, og kanskje litt å eta på.......
Ansvarlige for terrengløpet i år er: Britt Helen Storholm og Frank Egil Stø
Sjøl om skogen er borte i Knutmorka, så er dei aller fleste stier rydda fram att, så terrengløpet vil gå på velkjente stier.
Det er planlagt 4 løp før skuleferien og 4 til hausten
Velkommen


Bildet er fra Høgmolykkja, Fra gate-O-løpet 12.mai


Røy på reir

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 12. Mai 2015




Trond G har vore på Teigsetra i dag,
Han kan melde om at ei røy har slått seg til ved sida av stien med 6 egg i reiret.
Ho blir skremt kvar gong nokon går forbi.
For å unngå å ødelegge for ruginga vil vi setja opp litt merking for å lede turgåere utenom stien.
Reiret er ca 2 m fra stien. Det er ein vannpytt på hø.side ca 10 m før reiret.
Vær obs og gå varsomt.


Resultater Dølakarusellen 6. mai 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Mai 2015

Sted: Kjønnåskartet – oppmøte Ringebu barnehage



Kort løype – 2,8 km

Damer:

  1. Gøril BarthRingebu/Fåvang50.02
  2. Oddbjørg NorengRudsbygd1.08.10
  3. Tove LillebråtenTormod1.08.16
  4. Ingrid HaugenTormod1.13.25
  5. Johanna Lund og co R. Folkehøgs1.13. 45
  6. Siv SolliTormod1.14.04
  7. Solveig AasenTormod1.42.18


Herrer:

  1. Lasse EilertsenR. Folkehøgskole36.49
  2. Sjur Erik HøistadRingebu/Fåvang50.02
  3. Jon Einar HøistadRingebu/Fåvang50.44
  4. Sondre FjellheimR. Folkehøgskole55.01
  5. Emil Aleksander AasR. Folkehøgskole55.39
  6. Ole Edvard Andersen R. Folkehøgskole1.04.31
  7. Elias SolliTormod1.14.04
  8. Aleksander, Pia og Sander R. Folkehøgs 1.36.49


Lang Løype – 4,8 km

Damer:

  1. Tone SlåenTormod1.10.32
  2. Marie UnderdalshaugenTormod1.15.24
  3. Aina RolstadTormodBrutt
Herrer:

  1. Svein Roger AanstadRingebu/Fåvang51.11
  2. Ole FlækøyTormod56.23
  3. Birger SkansenRudsbygd1.04.45
  4. Jørun HansenR.folkehøgskole1.10.17
  5. Herbert Kink Tormod1.12.27
  6. Per AasenTormod1.25.14
  7. Hans Jørgen TollumR. Folkehøgskole1.40.22


Nybegynner – 2.2km

Damer:

  1. Ingrid Marie HagenRingebu/Fåvang1.00.19
Menn:

  1. Even FlækøyTormod37.09
  2. HallgeirR. Folkehøgskole55.30
  3. Kjetil HagenRingebu/Fåvang1.00.22
  4. Tony og MariusR. folkehøgskole1.47.24
  5. Jonas HansenR. folkehøgskole1.51.44


33 som startet og gjennomførte

1 brutt fra vårt distrikt

Fra Ringebu Folkehøgskole så var det 20 som startet men fant ikke alle postene eller fant feil poster.

Bente Green og Live Zakkariasen hjalp til med arrangementet.



ORIENTERING FOR ALLE

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 28. Apr 2015

Vi er nå godt i gang med gate-o-løp i Sorperoa. Det er enkel gate-orientering, så det skal vera liten sjanse for å " rote seg bort" Vi held fram med dette t.o.m 19.mai. På tysdager, med start kl 18. Samlingsplass vil variere, så følg med på heimesida.

31.mai er det "Finn-fram-dagen" Her kjem det eget opplegg.

Den 6.mai starter Dølakarusellen ( O-løp som er eit samarbeid mellom Tormod og Ringebu-Fåvang)
Her bytter klubbane på å arrangere løp. Dette er på onsdager kl 18. Vi møtes for felles avreise 1 time før start

Tormod skal arrangere totalt 10 løp i nærmiljøet i år.
På Vinstrakartet, i Sorperoa, Gålå, Tunebuhaugen, Skårslåhaugen, Lomsetra + Myggklasken og natt-o-løp.

Vil du halde fram med å lære meir om orientering er vår oppfordring at du blir med på dette.
Det er alltid lagt opp enkel nybegynnerløype, og du er garantert å få hjelp og veiledning.

Om du vil kan vi følgje rundt i løypa
Vi har funne ut at den beste måten å lære kart og kompass på, er å komme ut i terrenget og prøve.

Vi låner ut kompass.




Frå løpet 21.april. Totalt var det 28 på start


















Sommer i Tormod 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 19. Apr 2015

Sommerprogrammet til Tormod er klart og her er ei oversikt over kva vi kan by på:

14.april starta Gateorientering / gateløp.
Nytt løp 21.april. Vi held fram kvar tysdag til terrengløpet tek over ( rundt 17.mai)

6.mai går 1.løpet i Dølakarusellen.
Terminlista blir lagt ut. Det blir løp kvar onsdag . Håper at riktig mange vil gje seg med i år. Ta det som ein trimtur. Vi lover veiledning/ opplæring i kart/kompass. Vi har vurdert å halde kurs, men det var stemning for å gje veilednning ute på løp. Berre møt opp så slår vi følgje rundt løypa........

31.mai arrangerer vi FINN-FRAM-DAGEN. Denne dagen markerer starten på Tur-O-sesongen

1.juni: Tur-orienteringen blir lagt ut for salg

16.juni: Første fellestur til "ukens post" Totalt 10 turer. Kvar tysdag

Det kjem meir detaljer.......



På tur til Skoekapsetra.



Om du sit litt stille kan du plutseleg få besøk..... Denne Tretåspetten var svært tillitsfull








GATE-ORIENTERING / GATELØP 14.april

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 12. Apr 2015

Nå er gatene fri for snø, og det er klart for å finne fram joggesko og sykkel.
Før terrengløpene kan starte vil vi arrangere gateorientering i Sorperoa. Det blir lagt ei kort løype og ei litt lengere . Dette vil passe for heile familien, og som løpetrening for f.eks skiløpere, og andre.
Det er start kl 18, med påmelding fra 17.30. Kan bruke sykkel.
1.løpet har samlingsplass ved Høgmolykkja.



Vel møtt til ny sprek sommersesong. Husk det er FRILUFTSLIVETS år !!




KLUBBKVELD 10.april

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Apr 2015

Premiedryss,priser og æresbevisninger

Det var fullt i gysalen på Barhaug når Tormod skilag hadde klubbkveld som markerte avslutningen på ein svært så aktiv sesong.
Utdeling av premier fra klubbrenn, karusellrenn og vandrepokaler ( sjå eget arkiv med bilder)
I tillegg vart det utdelt
Bestemannspris til Anna Slåen for sin suverene innsats gjennom heile vinteren




Ole Flækøy fekk Tormodprisen for sin lange og trofaste innsats som rennleder på klubbens kretsrenn.

Vidar Lillebråten vart utnevnt til æresmedlem etter mangeårig innsats til lagets beste




Åge Rusten har fungert som lagets sjefssmører og ekspert på problemføre . Ein stor takk til han for all hjelp



Trenerteamet gjennom vinteren vart også hedra med kvar si nye lue.
Takk til Aksel, Rune, Kenneth, Jan Petter og Kim.











Vinter O-poster

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 19. Mar 2015

Postane står ute til etter påske. Så nå må det mobiliseres til innspurt. Vil du gjera ein innsats i påska så kan du fortsatt hente klyppekort i postkassa ved tidtakerbua i lysløypa.
Alle som leverer inn kortet blir med på trekning av eit gavekort kr 500. ( Husk sette navn på.)
Leveres til: Navn og adr.står på klyppekortet.

Ellers er O-gruppa "i rute" med planlegging av tur-o-poster,ukens poster, Dølakarusell,Finn-Fram dag og gateløp. Info kjem snart !






Bilder fra Tormodrennet 8.mars

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 8. Mar 2015

Sol og +10 grader på Tormodrennet i dag. Triveleg å vera ute. Her er eit utvalg bilder fra dagen.

Her finner du resultatene fra årets klubbmesterskap.

Masse folk og stor stemning



Tormodrennet er i gang. Fyrstemann ut


...Og fyrst i mål.....


Venter på opprop til start


Dette er nok gutter som skal finpusse formen mot Birken



Alle stiller på klubbrenn. Store og små


Morro at "dei store" gutta også stiller opp.


Blir vel skøyting i dag ??



Klar til start



Gutter 8 år på rekke og rad


Full innsats mot mål


Her går det unna

I fin stil inn mot mål


Alle fullfører i fin stil


Her gjeld det å ta ut alt. Det er løper like bak


Mål i sikte..



Ummm!! Det lukta godt av nysteikte vafler


Og publikum og heiagjengen kosa seg


Pølseboden var populær


Og i bua hadde gutta full kontroll .......


Litt usikker på lyden før start Ivar ???. Men det ordna seg. !!










































Felles klubbrenn på Gålå

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Feb 2015

Bilde frå karusellen 21.jan i Sorperoa


Det er nå avvikla 2 av 3 renn. Det siste rennet går 9.mars, og vi vil nå oppfordre alle skifolk, store som små om å stille opp. Dette er meint som eit sosialt tiltak for å samle klubbane som har Gålå som felles arena, MEN vi har og eit lite konkurransemoment klubbane imellom.
Ja for det gjeld å bli klubben med mest løpere.............

Så folkens still opp på siste rennet 9.mars. Påmelding fram til kl 18.
Om du treng hjelp til smøring av ski, så kan det bli ei råd med det.
Lurer du på noko får du kontakte oppmann Øystein
Vel møtt...










Måneskinnstur til Teigsetra 4.febr

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 5. Feb 2015




På kartet "Gamle sæterråk" er det påmerka 15 stk stier. For dei fleste er desse stiene mest kjent som sommerruter.
Men dei seinare år har det vorte meir og meir populært å gå her også vinterstid. Ja det er faktisk slik at så fort snøen laver ned så er "brøytegjengen" på plass. Stier som garantert er "brøyta" er stien fra Grind til Hånåhoppet, stien fra Stormyrbakken til Øldalsvegen. Rundturen Stormyrbakken mot Søljurusta og videre mot skogsvegen, og fra der til Skåbuvegen eller ta ned mot Grind.
Og stien mot Teigsetra er garantert farbar. Her er det så stor trafikk nå at stien er fast og brei og lett å gå.
I går ( 4.febr) hadde vi fellestur hit i måneskinn. Det var heilt magisk, må berre oppleves. Fullmånen lyste opp i terrenget så det nesten ikkje var bruk for hodelykt. Litt skyer innimellom gjorde det berre trolsk. ( Det er ikkje lett å fange slik idyll på ei fotolinse)
Du får ta turen du også.......
Vi vart 6 stk som opplevde denne fine turen i kveld. Takk for følgje....

Gjennom perleporten



Ikkje lett å fange idyllen på linsa...Ta turen da vel....




Tormod skilag hadde 18 på start på Dombås 1.febr.

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 1. Feb 2015

Spente før start


Magnus Ringlund først i mål


Magnus Lillebråten og Even Tarud følger på


Helmer Aspeslåen stormer mot mål


Marita Anderstuen i fint driv


Vilde Tarud. Snart i mål


Anna Tarud .Godt tilfreds etter målpassering


Even ser på sine utslitte klubbkamerater


Marie Slåen ligg her godt an til ein 2.plass. Eit uheldig fall gjorde at ho endte på 3.plass.


Ida Kristine Ringlund mot mål til 2.plass



Sander, Kristian, Eskil og Andreas etter premieutdeling. GD cup deltakere


Sjefssmører Åge og oppmann Øystein har gjort jobben sin. Ikkje smøreproblem i dag













Ein æresmedlem er gått bort

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 30. Jan 2015

Iver Giverhaug f.1920 er død. 94 år gammal.

Vi kan minnes han med eit innlegg fra Tormodposten fra 1994.

Sitat:
" Koløyddin. 30 år i sporet.
Oss har ein kar her i Sorperoa som oss itte har sett i løypa på mange år. Likevel var denne karen den raskaste skiløperen Tormod hadde den tida han var med og konkurrerte. Karen heiter Iver Giverhaug."


Han starta skikarriera si på 1930-talet, og var snart fast deltaker på Tormod-renna. I Tormodposten er det eit bilde som syner Iver i full fart i løypa oppå Søljurusta. Det er fra 1935 eller 36. Det var vanleg å leggje løypa over Søljurusta og Hesthaugen den gongen.

Iver Giverhaug eller "Koløyddin" som han blir kalla i daglegtale, tok fleire vandrepokalar i den tida han var med. Etter det han sjøl sier, har han erobret 3 vandrepokaler i Tormod, bl.a "Solglimt-poalen", som han tok aksje i i 1938-39, og det siste nappet i 1946 da skisporten vart starta opp att etter krigen.

Iver deltok også i renn både i Fåvang, Vingrom og Heidalen. Han var også med i det såkalte "Øldalsrennet", som var arrangert av Ungdomslaga på Vinstra og Sjoa. Løypa gjekk frå Sjoa, sørover langs Laugen, opp Kvams-baksida, forbi Svarttjønna, ned gjennom Øldalen, med innkomst ved Bøndernes Hus på Vinstra. Her hadde Iver ein kvass duell med Peder Vassrusten frå Sjoa. Vassrusten fekk eit lite forsprang til å begynne med, men frå Svarttjønna og sørover vart den gode Peder inngått. Og Iver var første mann over mål , på tross av at han starta som nr 17.

Iver var av dei som dreiv skogsarbeid i Øldalen og som på kveldstid trente i månelyset i ei løype sørover Søljurusta og Hesthaugen.

Vi lyser fred over hans minne.


Friluftslivets år

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 19. Jan 2015



Friluftslivets år er starta. Og det er fra nå det gjeld å vise at vi er eit folkeslag som veit å setja pris på naturen rundt oss.

I ein artikkel står følgende: " Stien er en grønn tråd gjennom Friluftslivets år 2015. Turgåing er en viktig lavterskelaktivitet som representerer en stor del av den uorganiserte friluftsaktiviteten i Norge. Stien i seg selv er også et kulturminne."

Minner om at Tormod skilag har satt ut 10 vinterposter som du kan besøke så ofte du vil .
Vil du "klyppe" postane kan du hente klyppekort gratis i ei postkasse ved tidtakerbua i lysløypa.
Det er poster i lysløypa 2 plasser, 2 på Gålå, Sandseter,Fefor,Teigsetra,Rovrunda,gapahuk i Sorperoa og gapahuk i skogsegen.

Det er mange som går tur jevnlig, det ser ein i turbøkene som er lagt ut på forskjellige stader.
På neste tur kan DU utfordre ein nabo, ein venn eller andre til ein tur i nærmiljøet.
Behøver ikkje vera den lengste turen. Start med gapahuken eller "Rovrunda" f.eks.

God tur.



Resultater Ski-O

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Jan 2015

Resultater for Ski-O på Gålå 10. - 11. januar 2015

Lørdag 10. januar:



Søndag 11. januar:



Bilder fra Ski-O på Gålå ser du her


NM Stafett Ski-O i gang.

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 11. Jan 2015

NM Stafetten er i gang.

Herreklassen klare for start.


Dameløperne rett etter start.




Ski-Orienterere trosser Nina

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 10. Jan 2015

På Gålå trosser de ekstremværet Nina og sender ut første løper som planlagt kl. 11:00.

Løypemannskapet har kjørt gjennom hele løypetrassen flere ganger før start og fortsetter også å kjøre mens løpet pågår. Likevel må løperne regne med å brøyte egne spor.

Førstemann i mål var Ane Marlene Kolstad fra Freidig.



Full konsentrasjon i tidtakerbua.




Stinn brakke under premieutdelingen





Slik så det ut på parkeringsplassen etter løpet.





Friluftslivets år 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 8. Jan 2015

Tysdag 13.januar markeres starten på Friluftslivets år. Det blir markeringer rundt om i forskjellige lag og organisasjoner.
Mange ordførere har tatt utfordringne om å ligge ute.

Tormod skilag henger seg på !
Det er lagt ut 10 vinter-o-poster som du kan ha som mål å besøke minst 1 gong i løpet av vinteren.
Det blir lagt ut klyppekort som du kan hente i postkasse ved tidtakerbua i lysløypa.

Vi tar sikte på ein, evt to fellesturer i vinter.

Tar DU utfordringen om å ligge ute ??
Da kan du komme til gapahuken i Sorperoa tysdag 13. fra kl 20. Vi tenner bål og vurderer å brette ut soveposen

DNT Gudbrandsdalen har også en egen markering på Gålå samme samme dag i anledning friluftslivets år. Her er deres program




Innbydelse Skiorientering 10-11 januar

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 1. Jan 2015

Komplett innbydelse for Skiorinteringern finner du her

Innformasjon om overnatting finner du her


Velkommen til Gålå :)


Ski-orientering 10. og 11.januar 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 1. Jan 2015




Tormod skilag er arrangør for ski-o-løp 10. og 11.januar 2015.


Lørdag er det Hovedløpet for 14-16.
I tillegg Sport 8 cup for 17-20, og 21 og oppover

Søndag er det Gålåsprinten : Klasser fra 11 år og oppover.
Samme dag er det stafett for klasser fra 17 år og oppover.

Under Gålåsprinten er det klasse for N-åpen, utan tidtaking.
Her vil eg oppfordre alle ski og O-løpere og andre interesserte til å melde seg på.

Det er mange år sidan det sist var ski-o-løp på Gålå.

Vi har tatt utfordringen og med mange gode hjelpere fra Tormod og NOF klarer vi nok å dra dette i havn.

Velkommen til Gålå, hjelp oss å skape stemning og ramme rundt arrangementet.

Gålå idrettsanlegg er start og målområde.




Komplett innbydelse for Skiorinteringern finner du her

Innformasjon om overnatting finner du her


Velkommen til Gålå!





Levert av IdrettenOnline