Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

GRATULERE MED DAGEN

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 7. Jan 2016

Æresmedlem Svein Solberg fyller 70 år i dag 7. januar. Tormod skilag vil gratulere så masse med dagen !

Svein har vore , og er fortsatt av dei trofaste slitarane i laget. Dei siste åra har han hatt ansvar for turløypa og vi trur han har "ein plan" for videreutvikling av den. Svein er ivrig trimmer både sommer og vinter. Håper du får mange spreke, aktive år framover. Gratulere !!

Svein har 18 gullmerker i Tur-O



GRATULERE MED DAGEN

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 26. Aug 2015

O-løperne hyller Solveig Aasen som fyller 80 år i dag, 26.august.
Ho starta feiringa med O-løp i Ringebu, på Strussberg, i kveld.
Etter løpet hadde vi kaffe,kaker, og sang til den spreke jubilant. Og flagget vaia ved innkomsten.

Solveig har alltid kompassnåla og kursen rett på "neste post". Ho gjev aldri opp. Fleire av kveldens løpere har bomma, slitt med å finne poster, ja rett og slett så ga enkelte opp.
Men ikkje Solveig. Ho fullfører alltid med stil.
Hennes aktivitetsnivå er det ikkje mange som kan måle seg med. Ho har allerede klypt alle postane på turorienteringen til Tormod, Ringebu og snart ferdig med Skåbu. I tillegg til Dølakarusellen, som har 14 løp, stiller ho opp på KM og Veteranmesterskap , pluss at ho går turer så snart ho har anledning.
Tør påsta at Solveig er den i klubben som er mest aktiv for tida.

Vi gratulerer så masse med dagen, og ønskjer lykke til i alle framtidige O-løp


Gratulere med dagen !!



Solveig sjekker at Jon Birger og Per har funne alle postane



Solveig "i farta". Her på Skårslåhaugen



Solveig er alltid interessert i korleis det går med andre. Her sjekkes løypevalget til Trond (19.aug)


Tormod skilag fyller 110 år i dag.

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 13. Aug 2015

Tormod skilag vart stifta 13.august 1905 og fekk navn etter Tormod Kolbrunarskald. Han var skald og idrettsmann hos Olav den heilage.

Det var storstilt jubileumsfeiring når Tormod feira 100 år. Denne gongen er jubilanten "reist bort" på dagen, så det blir ikkje feiring av dei 110.
Men jubilanten helsar til alle som finn glede i å delta på aktivitetane som blir bydd fram både sommar og vinter.

( Tormod har ei fyldig historie som du kan lesa meir om i dei 2 bøkene som er skrivi om laget)



Bilde av fana til Tormod- avbilda på permen til jubileumsboka til 100 års feiringa


GRATULERE MED DAGEN !


Levert av IdrettenOnline