Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

AVSLUTNING 15.mai

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 16. Mai 2018

I strålande vær avslutta vi årets gate-o-løp. Vi markerte det som "Finn fram dagen". Dølakarusellen vart arrangert samtidig.

Så det var liv og røre på Høgmolykkja i kveld. Med smått og stort var vi 50 stk som myldra rundt i Knutsmorka for å leite etter O-poster. Du kunne velge mellom 4 løypelengder. 

Totalt har over 80 stk deltatt 1-5 gonger. Håper alle har fått eit lite innblikk i O-sporten. Og har du lyst til å lære meir så er det berre å gje seg med på onsdager. Da held vi fram med karusell . Om du ikkje vil reise langt, så er det arramgert mange løp i Vinstraområdet. Det er alltid nybegynnerløype.  Neste løp er på Vinstra. Samlingsplass leikeplassen i Byrevegen.

Og så blir det Tur-orientering. Litt forsinka i år.  Men ca.midt i juni er den kanskje klar. Følg med på heimesida

Vi avslutta med premieutdeling, pølsegrilling,frukt, saft og kaffe.  Samlingsplass var rundt den nye idylliske grillplassen til Sorperoa Vel.... takk for lånet




Rapport fra FINN FRAM DAGEN 23.mai

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 24. Mai 2017

39 stk , i strålande sol, skapte liv og røre rundt omkring i lysløypa tysdag kveld.

Det var FINN FRAM dag og samtidig avslutning for gate-o-løpa. Det var liksom "eksamen" i kveld.

1.utfordring var å finne start. På kartet en den markert som trekant. Mål er markert som runding. Når trekanten står inni rundingen, er start/mål på samme plass. Slik var det ikkje i kveld. Det var ca 200 m å gå til startposten. Der stor Per og sørga for at alle fekk stempla og kom seg trygt avgårde. Og med rett kurs for 1.post. Løypa var 1.6 km og det var 8 poster.

Alle fant fram , og etter målgang fekk alle servert saft/ kaffe/ kake / pølse. Ein takk til Barhaug Sanitet som sørga for det.

Etterpå fekk alle prøve seg på ei runde natursti. Varierte spørsmål. Eg er sikker på at etter denne kvelden veit alle at vi har Pilfink og Gråspurv på fuglebrettet. 2 fugler i samme familie, ganske like, men med ein liten forskjell....Pilfink har ein svart flekk på kinnet.....

Så var det premie og medalje til alle

Alle 1.og 2.klassinger ( f. 2009 og 2010 ) som har deltatt på gate-o-løp/ Finn fram dag vil få Tur-O-konvolutt når den er klar.

Det var trekt 3 overraskelser blant dei vaksne.

Den som ønskjer lære meir om orientering kan fra nå delta på Dølakarusellen (terminliste oppe til hø på heimes.) Det er på onsdagskvelder.

Takk til alle som møte fram, og takk til alle som har deltatt på gate-o-løp.Det har vore ein fryd å vera arrangør. God sommar !!





FINN-FRAM-DAGEN

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 18. Mai 2016

Fra 2015

Bli trygg i naturen med kart og kompass. For 4.gong arrangerer vi Finn-fram dagen. Det går ut på å finne orienteringsposter som er satt ut i terrenget. ( Det er årets tur-O-kasser som blir brukt ) Det blir ei lett, enkel løype som alle kan klare. Men ikkje fortvil om du føler deg litt usikker. Vi har mange hjelpere på plass som du kan få gode råd av. Om det trengs kan dei følge deg rundt i skogen

Møt opp ved parkeringa ved tidtakerbua i lysløypa og bli med.

Datoen er 29.mai kl 12.00

Det blir servering og premier til alle.

Dei 2 siste åra har 1.og 2.klassingene som møter opp fått årets tur-O-pose. Slik blir det i år også. Desverre er ikkje posene klare enda, men du får dei etterpå

Finn-Fram dagen teller med i poengjakten for trekning av sykkelen til hausten. Så da går oppfordringen til alle som deltok på Gate-O-løpet ( og alle andre ) ......møt opp og få ei koseleg stund i naturen

Velkommen

Ansvarlig for dagen er Marie Underdalshaugen.



FINN FRAM DAGEN 2015

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 31. Mai 2015

Strålande dag i Sorperoa når 41 barn og 17 vaksne var samla til årets Finn Fram Dag 31.mai.
Dagen skulle også markere starten på årets Tur-O , men desverre er ikkje Tur-O posen klar for salg enda.
Men Sorperokartet er klart , så da fekk alle gå den runda og leite fram dei 6 postane som er uthengt.
Mange er erfarne postfinnere, og finn fram utan hjelp. Men vi hadde mange hjelpere i beredskap for å gje gode råd før start. Om nødvendig var dei også med rundt i løypa.

Dagen var utruleg vellykka. Været var på "vår" side. Folk kosa seg med postklypp, og etterpå nokre oppgaver som skulle løyses. "Finn 5 feil" er populært. I tillegg fekk alle litt testing av sin lokalkunnskap
( Ikkje alle visste at Nord-Fron sitt høgaste fjell er Heimdalshø. Og at Dokkalykkja i gamle dager var Tormod sin fotballbane. Fotball var hovedaktiviteten til Tormod den gong. Og også turning står det i den gamle Tormodboka)

Og sjølsagt var det traktering. Pølser, frukt, kaker, saft og kaffe stod på menyen.
Og til slutt premieutdeling til alle barna. Premien i år var eit kompass, og "sertifikat" som bevis på at du fant fram.
I tillegg skal 1.og 2.klasse få årets Tur-O-pose når den blir klar.

Takk til alle som møtte og skapte fin ramme og stemning på Finn-Fram-Dagen.
Og takk til alle hjelpere. !!!

Marie og Tove



Alle har fått kompass og bevis på at dei kan finne fram....



Full konsentrasjon med kart-tegn



Godt å slappe av etter postplukken



Ein av 5 feil var ganske så klar......



Og til slutt trekte Ulrik gavekort for vinter-O-postane. Vinner vart Åse Sæther.








FINN FRAM DAGEN 31.mai

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 24. Mai 2015

Bli trygg i naturen med kart og kompass.
31.mai fra kl 12. Samlingsplass : Startbua i lysløypa.

Program:
1. Det blir lagt opp ei enkel orienteringsløype ( postene er dei samme som for årets tur-O)
2. Alle som fullfører får "Finn-fram- sertifikat"
3. Det blir servering av saft/kaffe og grilling av pølser.
4. Premier til alle
Obs. Alle som deltok på gate-o-løp blir premiert i dag.
5. Kanskje får vi tid til ein "KART-TEGN" stafett også
6. Det blir lagt " ei vanleg" O-løype også, for dei som vil springe ein tur med brikke.
7. Finn-5-feil.
8. Og som i fjor vil 1. og 2. klasse få årets Tur-O-pose.
9. Vi trekker gavekort for årets Vinter-O-poster

Maskoten til Finn-Fram- dagen heiter Trygve Trygg. Han er symbolet på at det skal vera trygt å ferdes i skog og mark.
Vi har mange hjelpere som Trygve T på plass som vil vera med og hjelpe og veilede deg. Evt følge deg rundt i skogen.

Velkommen til store og små



Fra ein solfin Finn-fram-dag i 2014





Levert av IdrettenOnline