Tormod Skilag - Orientering

Tormod Skilag - Orientering

Sesongavslutning Orientering

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 26. Nov 2019

Det var ikkje mange som fant vegen til Høgmolykkja og premieutdeling etter O-sesogen sist laurdag. Men dei som kom  ( 5 vaksne og 2 barn) fekk kaffe / gløgg og pepperkaker.  I tillegg fekk dei sine diplomer og premier.

Nå har eg masse diplomer og premier som ikkje er utlevert, men prøver i løpet av uka å få putta desse i postkasser rundt omkring. 

Alle barn som leverte inn kort skal ha diplom, og evt merker.  

Vaksne skal ha sine velfortjente merker og plaketter. 13 stk hadde klypt alle 55 poster i år. Blant desse vart det trekt ein liten "ekstra sak"

69 stk har levert inn klyppekort. Det var trekt 2 gavekort a kr 500 blant alle desse: Vinnere vart Kari Vaterland og Aud Byrløkken

Det var egen trekning blant barna, 27 stk totalt og vinnere vart Mia Haugen Bergheim,Petter Johansen Myren, Ola Nybakken og Ingrid Nybakken. Desse fekk gavekort på 300,. kr.

Vi deler ut " Tormod's Tur-O pris  ". Blant barna.  Denne prisen vart oppretta i 2017 .    Det er ein pokal med inskripsjon som du får " til odel og eige"          Statutter er at du har vist stor iver og interesse for tur-O.         I år gjekk prisen til Magnus Lillebråten.  Gratulere !! Han har vore ivrig deltaker i mange år. 

Premiering av deltakere i Dølakarusellen: Blant dei som har deltatt på 7 løp eller meire i løpet av sesongen blir med på trekning av gavekort kr 500.  Vinner i år er Bjørn Haugen.

Takk for ein aktiv sesong, og takk til alle hjelpere.





0 Kommentar

Premieutdeling for O-gruppa

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 21. Nov 2019

Vinteren har festa grepet og det er på tide å setja punktum for O-sesongen. 

Det blir utdeling av merker,plaketter og diplomer fra Tur-orienteringen + trekning av 2 gavekort a kr 500 blant alle som har levert inn klyppekort etter årets sesong. 

Blant barn som har levert kort blir det egen trekning av gavekort. 

For 2 år sidan oppretta vi " Tormod's tur-o pris".  Prisen går til barn som har vist stor iver og interesse for TUR-O.  

 Ola Gjerdingen vant i 2017, Magnus Ringlund i 2018.  Det blir spennande kem som får prisen i 2019 !!

Og for alle som deltok på minst 7 løp i Dølakarusellen blir det trekning av gavekort kr 500. Litten trøstepremie til den som har mindre enn 7

Vi gjer det enkelt ( slik vi gjorde i fjor).   

Møt opp på Høgmolykkja, på grillplassen laurdag 23.nov  mellom  kl 12 og 14.

Vi fyrer opp bålet og serverer gløgg/kaffe og pepperkaker. Kle deg godt. Ta gjerne med akebrett. Fine forhold for aking nå 

( Bilde: Ukens post til Kvitskriuprestein)


0 Kommentar

O-sesongen er på hell

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 10. Sep 2019

Tur-O postane står ute til og med 15 sept. Så da har du enda nokre dager der du kan ta ein real innspurt.

Men fra og med mandag 16.sept starter vi arbeidet med å ta inn postane. Dei må vera fjerna til elgjakta starter  den 25. Håper du har hatt ein fin sesong med mange fine turer.

Og så, for å bli med  på trekning av gavekort må du huske og levere klyppekortet . Frist 15.oktober. Dei som har registrert seg på nett må også levere klyppekort for å bli med på trekning. 

Siste fellestur til "Ukens post" var 13.august, og turmålet var Kvitskriuprestane og Reiret. 

Uttafor Reiret

8 stk var med på fellesturen, medan 5 stk hadde tjuvstarta, så vi møtte dei på tur ned att. Da vart det totalt 13 som fekk registrert turen.  Vi starta med Kvitskriuprestane. Kort, men bratt  tur. Prestane begynner å minke, men fortsatt står det att  eit par "magre " eksemplar. Naturen lager utrulege kunstverk.

Så gjekk turen til Reiret, der vi tok kafferast og trekning av div premier. Reiret er eit krigsminnesmerke og er freda. Hytta var brukt under 2.verdenskrig og Milorg i Nord-Gudbrandsdalen hadde sitt hovedkvarter her Hytta er godt kamuflert, og vart aldri oppdaga.

Gavekort på 500 kr vart vunne av Wenche Støstad Sletten. Gratulere.



0 Kommentar

VM på nytt kart oppå Åsom

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 18. Aug 2019

VM avslutning på Åsom 18.aug !!

Ja, nesten da...

Her var det løpere fra Norge, Sveits, Ringebu, Rudsbygd, Dovre og Vinstra.   Alle hadde fått med seg at ankermannen til Norge på herrestafetten i går bomma på poster. Så sjøl den proffe kan misse, og da er det liksom ikkje så alvorleg farleg om vi amatører går på ein sleiv i ny og ne heller.

Det var sol og fint vær når 30 stk stilte til start for å innvie  nytt kart. ( Gamle Breistulvegen) Det er Per Aasen som har utarbeidd nytt kart som vi skulle teste ut i dag. Han har lagt 3 løyper, 4.8 km 3.4 km og 1 km.   Ekstra gledeleg at det var 7 rekrutter med følge på start.

Dei aller fleste fant alle postane, og nykartet får absolutt "godkjent"

Ein stor takk til Solveig Aasen som stilte opp med  Verdens-beste, smultringer, sjokoladekake,saft og kaffe. Det falt i smak hos alle. 

Ja,ja, om dette ikkje var VM, så var det iallefall eit topp triveleg løp. Og veldig artig at så mange stilte opp. Nå var dette søndagsløp, så kanskje det er vegen å gå for å auke antall deltakere på løp.

Resultatet ligg på Eventor.orientering.no ( Eventor terminliste)

Neste løp er onsdag 21.aug. Kart Lomsetra




0 Kommentar

Haustprogram

Postet av Tormod Skilag - Orientering den 17. Aug 2019

Tida flyg. Skulen skal starte. Ferien er over. Det betyr at O-gruppa også starter opp att med løp nå .

Neste O-løp er søndag 18.aug.Start kl 13. Kart: Gamle Breistulvegen. Kartet er nytt. Per Aasen har tatt arbeidet med utarbeiding av kartet .   Håper mange finn vegen hit. Det er merka frå Åsvegen ( tar av fra Skåbuvegen)   Det har vore svært lite oppmøte på våre O-løp i sommer, derfor prøver vi nå med eit løp på søndag.  Kanskje det vil passe bedre i ein travel kvardag.

Videre løp i haust er: 21.aug: Lomsetra kl 18  / 4.sept:Skårslåhaugen.Obs kl 17  /   11.sept: Strussberg kl 17

Tur-O "går sin gang". Postane står ute 1 mnd til.  Så du har enda  god tid. I programmet står det at postane står ute til 10.sept. Tenkjer vi drøyer til 15.sept.  Fra og med 16 starter arbeidet med å plukke dei nn att.

Ukens post. Det har vore 6 fellesturer. Avslutningen er søndag 25.aug. Avreise fra Vinstrahallen kl 12. Turmålet er Kvitskriuprestein og Reiret. På turen blir det trekning av gavekort  mm. . Ta med kaffe/drikke/mat.

Takk til alle som sender bilder.  Skal legge dei ut her etter kvart....

Da sees vi på O-løp søndag fk.  Minner om at det er rekruttløyper.

( Bildet er fra post 29.  Fellestur 13.aug )


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline