Minneord Gunnar Aspeslåen

Postet av Tormod Skilag den 20. Apr 2018


Gunnar døde 3.april, nær 80 år gammal.  Han var æresmedlem i Tormod, og er ein av dei vi vil huske som ein som alltid stilte opp når det var prat om dugnadsarbeid.

Han var i si tid ein nøkkelperson som løypesjef, løypekjører og trenar. Og var sterkt engasjert i rydding og merking av stier.

Gunnar var opptatt av å halde seg i form, og han deltok bl.a i mange turrenn.

Han var "Birkebeiner" i glansperioda fra 1981 og utover, når det var 15-20 stk fra Tormod som stilte til start.  Den som var så heldig å delta i hop med Gunnar desse åra, vil takke for alle gode smøretips og alle gode minner.   Gunnar var til å stole på, og hans smøretips slo aldri feil. Han var alltid grytidleg oppe for å eta og starte med smøring av ski. Alle var samla  på sovesal denne tida, og ikkje alle var klar for å starte dagen samtidig med Gunnar.... 

"Takk Gunnar for alt du har gjort for laget. Takk for alt frivillig arbeid og dugnadstimer"

Han var ein sann Tormodvenn. I staden for blomster ønskte familien å gje ei gave til Tormod skilag. Tusen takk for det.

Bilde: Året er 1982.Gunnar jubler over sitt første  merke i Birke'n. Det vart 12 merker totalt






Gålårennet 7.april 2018

Postet av Tormod Skilag den 7. Apr 2018

I dag stilte 19 Tormodløpere til start. Fekk desverre ikkje bilder av alle, men ta ein titt på "albumet". Kanskje ser du kjenstfolk. I morgo ( 8.april ) er det stafett. Ta turen til Gålå for å heie på framtidas løpere